13. aug. 2010

Da sett eg her i hybelen, ska på jobb imorra, og kom te å tenke på utvekslingsåret. Eg har en ubeskriveli følelse av sorg over at eg såra så mange, og at det nesten gjekk i vasken. Men så e eg også så utruli takknemlig for de som ble venn med meg og støtta meg gjennom de vanskelige periodan. E det det man kalle en bitter-søt følelse? Det har i allefall ført te at eg ikkje vil være med mer i AFS, men eg står likevel te disposisjon hvis de skulle trenge en lokalkontakt e.l.

Eg bynne å få rutine på dagan mine, men eg må se å få tatt førerprøven FORT, fordi ska eg kunne rekke jobb etter skolen, treng eg bil. Eg må også lære på gir, siden eg må låne mammas girbil (vi har to, mammas lille gir og pappas store automat). Eg må få dratt til frisør snart.

2. juli 2010

Endeli heime igjen.

Eg har ikkje skrevet her på rundt regna en måned, fordi eg har berre nytt tida med vertsfamilien. Turen heim bynnte den 25. Juni kl. 08:00 på morran, eg sku ta fly te São Paulo fra Rio, også tebake igjen og videre via Paris te Oslo. Godt og vel framme i São Paulo traff eg tre av dem eg sku reise me, Anders, Emilie og Jan Magnus, men vi mista flye vi sku ta te Rio, og måtte rebooke. I Rio igjen (men no på den internasjonale flyplassen) møtte eg resten eg sku reise sammen me, kor av to va franskmenn, og tre andre va nordmenn. Vi rekk flye te Paris, flye lande en time før neste avgang, men e ikkje parkert før en time seinar. Heldivis samles vi nordmennan av en flyplass ansatt, som kjøre oss gjennom pass og sikkerhetskontroll. Vi rekk flyet alle sammen, og framme på Gardermoen, bi vi Ropt te Røros Flyservices skranke, og eg tenke, aha, dem har samla koffertan for oss. Så vise det seg at alle unntatt en koffert bei igjenn i Paris... Men det løste seg for alle, så eg har alt som e mitt no på det nye soverommet mitt heime på loftet. Nest etter å ha skrevet her, ska eg sende gruppebildet vi fekk tatt på flyplassen te de andre.

Det va forresten ikkje så rart og trist å reise heim. Eg så andre som gråt fordi dem sku jo reise fra de folkan dem va bidd så gla i. Eg fekk skikkeli ondt i meg. Eg for min del rakk aldri å feste meg skikkeli. Da eg kom heim igår, kjentes bilturen som en anna tur på vei heim fra besøk hos tante i Bærum, Rykkin. Ikkje nokka merkeli. Alt e nesten som før. Alle har ommøblert heime, men eg synes det berre e fantastisk. Idag ordna vi hybelen eg ska bo på no i vinter, og han som eie hybelen e kjempegrei. Te tross for noen regla på ei kjellerstue og forbudt-område-erklæring på en bod, tror eg at det ska bi kjekt å bo aleine. Da tvinges eg te å bi meir selvstendi, eg må ta eget ansvar for læring alvorli, tenke på økonomi, og gjøre alle huslige greier selv. Det tror eg e bra for meg.

Nabogutten e like... ka det heite, insistent? på dørklokka som før eg for. Eg la merke te kor irriteranes det va... Eg kan ikkje huske at eg har syntes det har vært slitsomt. Eg e visst avvent den ringinga. På tide å å gjenvenne seg te det. Eg ska i løpet av neste uka vesst eg ikkje har jobb laste inn tegninge på data, kanskje overføre noen te digitale tegninge, og kaste alt inn på denne sida: http://tedd92.deviantart.com>

Det ska bi flott.

11. juni 2010

Eg syntes denne videoen va så fin den måtte berre opp her.




logo
En timelapse-reise gjennom Japan
Vakkert, beroligende og fascinerende.
Se denne saken på Start.no

tanka.

Eg våkna nettopp med tåra i auan av en drøm eg hadde.

Den gjekk sånn at eg va kommen heim, og eg passa rett og slett ikkje inn meir. Eg hadde forandra meg så mykje at eg ikkje greide å være venn me Gunnar og Einar. Mamma visste ikkje ka ho sku gjøre, og i drømmen så eg at mens pappa hørte på koffer eg va så utruli lei meg, gråt han også. Så våkna eg.

Eg innrømme å være redd for at eg ikkje bi å passe heilt inn. Kor rart e ikkje det? Eg som vanlivis ikkje bryr meg om ka andre synes, kjøre mitt eget løp, e redd for forandringan som har skjedd heime mens eg har vært i Brasil.

Det e no mindre en tre vekke te eg reise heim. Det rakk aldri å synke heilt inn (eller eg rakk aldri å knytte skikkelie bånd), så eg bekymre meg ikkje så veldi. Eg lure igrunn på om det e muli å berre droppe siste året i norge som en AFS-er, fordi eg har i bunn og grunn berre dårlie opplevelsa å referere te. På den annen side vil eg jo også motarbeide at andre på yrkesfag oppleve trøbbelet eg har gjort (selv om kanskje en del va selvpåført) me skole. Velg USA. Det virke kjedeli, men du har faktisk muliheit te å få året godkjent. Eg må ta året om igjen. Vi får se etter sommerferien ka det bi te.

Idag ska eg også på den siste afs-campen i Brasil, og eg grue meg. Eg kjenne kanskje 4 persona, og eg har ikkje nokka eg ønske å reflektere over med andre. Dem ska få sleppe å høre den utrluli kjedelie historia om korsn eg har hatt det, ska ikkje ødelegge det happy-go-lucky bildet afs har greid å holde så lenge. Eg fekk aldri inntrykket av kor alvorli det egentli va før eg først va der. Ska eg sitere AFS, det finnes ikkje dårli eller bra inntrykk, berre annerledes. Det e litt... ka ska eg sei? feil? I hvert fall gjeld ikkje dette for alle.

Men over te nokka heilt anna! Eg har tellet brusbokser drukket i løpet av utvekslingsåret, og har tellet meg te 109 brusboksa. Imponeranes, sant? en brusboks omtrent kvær tredje dag. Men det e berre brusboksan. Eg har drukket LANGT meir brus fra flaske... Men det må eg nok slutte me når eg kjem tebake te Norge. (men eg har egentli ikkje lyst te det, det e så godt!)

4. juni 2010

Ka e det som skjer?

Eg så Einar på Folkebladet nettTV...
Eg flire nervøst over kor lang han har blitt... Ei lita stund trudde eg det va Gunnar te eg huska at Gunnar ikkje spille fiolin... Ka har skjedd me Einar? Det e ikkje den Einaren eg reiste ifra! Gud må hate meg (antatt at han finnes) først knuse han utvekslingsåret mitt, også tar han bort den kjæreste lillebrorn min! (sorry Gunnar, men han e meir kjær for meg en det du e, lev me det vesst du må) Ka skjer nest? jo, han sørge for at heile turen heim bi regnværsdaga. Så ser vi om det bi troll i ord... Flaks eg kjøpte gavan te Gunnar og Einar i samme størrelse...

Idag va eg på naboby-besøk og dro te en veldi, veldi fin park... eller, det va ideen, te det viste seg at eg ikkje hadde tatt med nok penga (det hadde forresten ikkje de andre eg reiste med heller)te å betale inngangen... Men fekk tatt endel bilda, så det e et pluss.

Den 12. ska eg (motvilli) på AFS camp for å mimre over utvekslingsåret... Det e obligatorisk, så eg har ikkje nokka anna valg enn å drepe stemninga der med mitt mindre heldige utvekslingsår (klart, fleire har ikkje trivdes, men eg må ha vært et veldi ekstremt uheldi tilfelle).
Dit må eg ta med et bilde av meg på 10cm*15cm, og nokka med emosjonell verdi til hemmelig venn-leken... (Meine dem alvorli at vi berre ska gi bort nokka vi e veldi gla i?) så eg ska skrive reisedagboka mi over på Word dokument, skrive ut, og brodere med 10-20 bilda fra turen. Eg sei berre 10-20, fordi eg synes det e akkurat passe minna eg tør gje bort (klart eg beholde jo originalan selv), og eg forstår ikkje tankegangen te AFS heilt...
Menmen, imorra ska eg jobbe heile dagen med å skrive ting over på data, skrive ut, og hefte sammen.

18. mai 2010

Kaka e spist!

Det va ikkje bløtkake, men ikkje langt unna heller. Det va det billigste eg kunne finne, og eg ska pinadø gjøre det igjen den 17. Juni! Punktum!

Fortsatt god 17. Mai!

17. mai 2010

17. Mai, dere!

Jah. Da va norges store dag kommet... og eg har ingen måte å feire det skikkeli på.

Eg ska i dag kjøpe bløtkake, festfløyte og spisshatt, og sette meg ut i et hjørne og sulke litt som en umuli 3-åring... Kanskje spise litt kake som trøst, men ikkje mer... Men det e greit, eg slepp å gå på Falken (eller kor det no e Fagernes har 17.feiringa etter toget) og slite meg heilt ut av all støyen og energien der.
NEI!!!! Eg kan ikkje gå i tog! ...okei, eg e litt selvmotsigende her, eg har ikkje egentli lyst te å gå i tog... men no vil eg faktisk! ...fordi det ikkje gjøres her...

EG kan nesten se for meg kor dumt det ville sett ut å vase rundt midt på veien og veive med det norske flagg og rope nokka som ingen rundt meg skjønne... Shit, tenk om TV kom og filma meg! Og Nyhetsreportere spurte om eg va terrorist eller nokka?! Neida, det skjer ikkje.

Men tebake te poenget, i dag vil eg gå i tog, men eg kan ikkje. Så, ka gjør man? jo, man fantasere om det i stedet. Da kan man sette inn alle man vil i toget (og noen til) og finne ei flott internasjonal rute (vi kunne gått forbi Sukkertoppen, Jesusstauen, Eiffeltårnet, Rådhusplassen, og Kaia på Finnsnes i samme turen!)

14. mai 2010

KA HAR EG GJORT NO?

det her e for godt te å spares te søndag...

I går opplevde eg i geografi timen tre nye jenter i klassen, som forlot når geografien va ferdi...
Ihvertfall, lærarn sa og skreiv no morsomt om disse jentan, også spurte han meg om eg hadde fått meg brasiliansk kjærest.
Nei, sa eg og gjemte meg litt. Han spurte da om eg foretrakk jenta eller om det va gutta, eg svarte gutta, og han kontra med like gutta men ser ikkje bort fra jente?

Og eg berre nikka og sa bob, bob, bob, for å få han av tema, og da balla det seg på, vettu! Plutseli hagle det inn spørsmål om ka eg syntes om utelivet, og om eg virkeli ikkje hadde datet og koffer ikkje (eg kontra her med at folk i sør e ikkje heilt greie), strender, mobil og plutseli hadde eg avtale på stranda på lørdagsmorran og tre navn og nummer (de tre førstnevnte jentan).
Heile skoleettermiddagen tenke og grubla eg på "KA FAEN HAR EG ROTA MEG INN I?!" så eg har litt krise no, fordi eg kjenne ikkje disse tre anna enn på navn (og eg veit ikkje forskjellen en gang!) Og eg tenke, korsn ska det her gå, liksom?! Ille nok å gjennomgå vennlig erting på skolen, men en skikkeli kvadruppel date?! Alle jenter?!
(Gunnar, eg overgår deg på ditt eget territorium)

Mamma, eg e redd...

12. mai 2010

det va nokka vikti...

har du noen gang opplevd å ha drømt nokka utruli vikti om deg selv, men å ikkje huske drømmen? Skjedde inatt. Det eg huske va det va masse folk me rastafletter... og det sei jo egentli ikkje så mykje om innholde i drømmen...

11. mai 2010

En nier!

Oi, da har eg ikkje skrevet blogg på over ei uke... ikkje bra, va noen bekymra?

Så, vekka fø den forrige va det prøva, og forrige vekke bynnte vi å få prøva tebake. Det va en del som fekk karaktera lavar en mine, og eg va ganske langt nede på skalaen. Men så, igår fekk eg tebake en av kunstprøvan, en av dem som va liksom fra uke 14, og fekk en niar! Og det va te tross for å ha tegna og fargelagt i gråskala. Med farga ville eg ha fått en tiar, toppkarakter! Men 9 og 10 e grovt sett en 6 i norsk karakterskala. Eg fekk min første seksar i kunstfag! Det forundre meg ikkje, men det va på tide eg fekk ha kunstfag på skolen.

Og samtidi som eg skriv så går det opp for meg (det har det egentli for lenge sia) at eg snart ska heim igjen! Og det føles ikkje som om eg har vært her lenge nok! eg vil være lenger! Dog, å komme heim hadde jo vært kjekt...

Eg har løst te å besøke José uka før eg fer heim, og ska dermed spørre AFS om det e greit, om dem kan overse den travel-waiver greia. Eg vurdere også å servere en kvit løgn om at han inviterte meg, og at han virkeli, virkeli vil se meg en siste gang og at eg ikkje vil skuffe han. Eg lure på om det ville gått... Men da måtte eg selv kjøpe billetta te Natal og tebake te São Paulo så eg rekk heim me de andre AFS-eran fra norge. Og eg må se om eg kan finne den norske ambassade i Rio og se om dem ska arangere 17.mai tog... og om eg kan låne flagg... Det e litt kjekt å gå i tog, berre på trass...

Eg har allerede funnet ut ka eg ska legge igjen og det eg tar med heim... Eg ska se om eg finn sånne plastposa som du kan suge lufta ut av, så klea som tar plass blir mindre og lettar (husk at luft veie det også!). Det ville vært veldi kjekt å få alt eg vil ha med heim og ligge under overvektgrensa...

Så, om litt ska eg på skolen igjen, og ha... blandt anna matematikk. Æsj. Vesst du e på studiespess e det greit, da har du sikkert lært all basiskunnskap du treng, men for en på yrkesfag, e saka en anna. Eg skjønte plutseli koffer yrkesfag sjelden utveksle. Dem har rett og slett ikkje ork te å gå studiespess! Du må ha mykje ork (har eg forstått) for å gå der (sorry mamma!) og har du ork te det, orke du også utveksling. Nevnte eg at eg muligens va eneste på yrkesfag i heile nord-norge?`det sei litt (samt, det va ei på studiespess med kunstfag, men det va likefult studiespess, og ho dro te USA... Eg har skjønt at e du yrkesfag elev, e ikkje sør-amerika for deg. Eg vil faktisk anbefale å holde deg te Nord-Europa og USA.

Sånn. Da har eg sagt det. Eg e nyskjerri på kor de på yrkesfag utveksla te. Og ka opplevelsen demmes va. Om det e Rotary eller no anna enn AFS, gjør ingenting, så lenge du va yrkesfag elev! Det vil hjelpe veldi å kunne dra te et land kor du har sjangs te å få utvekslingsåret godkjent. Eg va ikkje så heldi, eg va til og med så uheldi å ikkje få stipend! DET e surt det! Men no bør eg slutte før eg bi heilt pessimistisk.

27. apr. 2010

Veke 16

Forrige veke gjorde eg ei tabbe på skulen. Eg kom i vanlege kne-shorts, og vanleg t-skjorta. Det blei ikkje sett heilt blidt på, men formildande forhal var at t-skjorta var grønn. Eg hadde fyrste veka kommen i dongeri bukse, fordi det så så bra ut med støvel-conversan at eg ikkje skjønte at dongeri bukse er påbodet... eller, reknast som ein sjølvfølgje del av skule uniforma. Ugh. Eg må altså sveitte ut dongeri buksene mine i tur, annakvar veke. Og eg har berre to skule t-skjorter, så eg må bruke ei skjorte heile veka. Dobbelt ugh, fordi det er der eg sveittar mest.

U-AN-SETT, helga var ei super-lang-helg, frå onsdagen til søndag. Onsdag for eg til stranda, stupte uti vatnet, før eg skjønte at det var skittent og ekstra salt... Ikkje gjett kvifor... Eg har fortsatt etter-frysningar av opplevinga. Eg kom meg alt for sakte heim, og opplevde endeleg ettermiddagsrushet Aurel gjennomgår kvar dag (han på +18 programmet). Eg haldt på å få latteranfall, det var så komisk, vi kom til stasjonen og ein nesten full vogn. Så, rett før metroen går, pressar masse personar seg inn, og eg trykkjast inn i massen, etter kvart pressar meire folk seg inn, for nesten alle går av på ein stasjon for å skifte metro.

Torsdagen var eg invitert på jungel safari, av Aurel, men eg over sov til rett etter at han for, så eg brukte dagen til å slappe av. Fredagen skulle vi dra på "urban exploring", men det gjekk i vasken, fordi vi blei kjørt feil av verts-mor. Frustrerande, men lite å gjere med. Eg tenkjer at eg skal sjå om ikkje det er mogleg å berre labbe-tusse dit.

Laurdag var teater, Og det var ei ganske annleis oppleving. Kort, før vi for på teater, for eg til Aurel's arbeidsplass, for å sjå ein dans og musikk presentasjon. Etterpå for vi på teateret. Verts-mor sa at vi måtte komme tidleg, minst to timar før, fordi det var kun gratisbillettar ifrå skranken. Så showet byrja 20:30, og vi var der 17:45. Da var det allereie litt kø, og den veksa litt fram til dei opna luka. Kulturen her at folk trur dei skal vere smarte, og bruke vener og familie som allereie er i køa... Men vi fikk endeleg billetter, etter smertefulle timer i kø, og kva skjer så? jo, det dannast ei ny kø inne, utafor salen. I-DI-O-TI. Kvifor i all verda gjere det slik? Er det ikkje enklare å opne vegen heilt inn, så folk for sitje, og dei slippar å stresse med å finne plassar til dei siste? Men Showet veide opp. Det het når eg oversetjar "Gamal er mora", og handlar om ei kvinne i 50-60 åra som har brote med sin 13 år lange ektemann, og spetakkelet ho lagar med dotera si på 40, som fortsatt er singel... Undervegs kjem det ganske tvilsame an modningar om alder, seksualitet, og forhold...
* som at mora er 50, og dotera 40...
* ektemannen dater ei 80 år gamal be kjend av mora (harr-harr)
* at dotera er lesbisk, fordi ho fortsatt ikkje er gift...
Men avslutninga er no søt... Den sluttar med ei Beatles-låt...

Søndagen var berre slapp av dag... Men, i går åt eg reker igjen, og verts-mor spurde kvifor eg pilla skallet av alle rekene på tallerkenen min (Eg likar norske reker betre enn dei her, sjølv om dei er mindre i Noreg, så er skallet mykje lettare å ta av), og forklarte at her spisar dei alt unntatt hovudet, så eg prøvde... og pilla dei siste rekene fri for skall.

Til sist vil eg nemne at eg er byrja å vurdere rasta-fletter... Eg tenkjer at det vil gå særs bra med ein tribal-stil, og eg ser ikkje bort i frå at dei vil sjå bra ut på meg... Eg må berre få fatt på utstyr først... (mamma og pappa, eg vil ha meininga dykk på saka, sjølv om eg kanskje ikkje følgjer den. Hadde det eigentleg kledd meg?) Når eg kjem tilbake, vil eg uansett pierce navlen, så det blir enten berre piercing, eller begge delar.

Ellers ser eg litt fram til å komme heim...

21. apr. 2010

Til Sigrid

Mens eg har det bra i Brasil, har det skjedd ei tragedie i mitt lokalsamfunn i Noreg. Dei som les nett avisene eller papirutgåva la kanskje merkje til artikkelen om ein teltbrannulukke i Salangen på dagbladet.no og dei mange på folkebladet.no. Blant dei var det min yngste brors klassekamerat, systrene hans, eit syskenbarn og besteforeldra deira. Då eg i går las om at den yngste av systrene var dødd, gråt eg. Eg gråt for henne, for foreldra hennes, for dei andre, og for alle. Difor vil eg fortelje ei forteljing om korleis kirsebær treet blei til.

Ein ung gartnar i Hokkaido i Japan var gift med ei ung dansarinne. Dei budde saman i eit lite hus på toppen av ein ås, og var veldig lukkelege. Ho dansa alltid i ein rosa kimono, og ho dansa alltid med det lange, svarte håret laust. Ho hadde mandelbrune auge, fyldige leppar, og huda var av ein gudeleg kvit farge. Ho var på folkemunne kalla ”Vinden som forteljar”. Dei som så forstillingane hennar sa at ho la alle sine følelsar i dansen, og man kunne lese ei kjærleiksforteljing i alle dansane. Ho var den som alle så opp til, og som lo med barna, så vel som dei eldre. Ho var vidt elska, men høgast av sin mann. Gartnaren var hovudstups forelska i kona si, og stelte vel for henne. Då ho ein dag blei sjuk, blei gartnaren veldig trist. Ho fortsette å danse, men for kvar dag som gjekk, blei ho svakare, dansane blei tristare for kvar dag, og gav uttrykk av at ho visste ho kom til å dø. Ein dag døydde ho, og gartnaren gravla kona si i hagen utafor huset, og opp av grava veksa eit kirsebærtre. Stammen var noko av det kvitaste han hadde sett nokon gong på eit tre, og grena bukta og tvista så det så ut som om treet dansa. Det fyrste året blomstra treet ikkje, men i sluten av februar året etterpå, på den tida kona hadde døydd, blomstra treet ein dag. Han vakna ein morgon, og så ut. Då sperra han opp auga, og så at treet var dekka av små, rosa blomar. I dagane etterpå hadde kronbladan lausna, og dansa sin veg, sakte, og påverka av vinden, ned mot jorda, som å fortelje at ho fortsett var hannes.

På grunn av dette, haldast avslutingsseremonien, det som tilsvarar konfirmasjonen i Noreg, i slutten av februar/byrjinga av mars, for å markere overgangen frå eit stadium til eit anna.

Eg ville teikne noko, men det ville ikkje ha komme fram tidsnok, så eg skreiv det ut i staden.

19. apr. 2010

smånytt...

Jah, då har eg overlevd fyrste skuleveka på nyåret (endeleg) Klassen er svært bråkete, men dei er alle omsorgsfulle, så eg klarar meg. Dog, eg kan ha gløymt ein av skuledagane laurdag, så eg skal spørje idag om eg har skule på laurdagen også.

På laurdag var eg på fyrste fest, og som ein ekte "carioca", kom eg seint. Og synet eg møtte var ikkje det beste av festa. Av ein drøss inviterte, var vi tilsaman 5, med vert + foreldra hennes. Men det var i grunn greit, fordi då slapp eg hovudverken eg forventa å få. Eg drakk jus og brus, og åt brownies. Etterpå tok eg taxi heim, ein gong mellom 1 og 2 på natta, fordi festen var i eti farleg område.

I går var eg på stranda, og koste meg. Eg for med den andre utvekslaren i husstanden, og vi bada i passe kjølig vatn, og med ei ikkje for sterk sol. På stranda kjøpte eg litt meire øyrepynt, og eit lite armband.

Alt i alt kan eg ikkje klage på tilværa, men eg har tatt meg i å tenke kvifor eg ikkje kjennar igjen denne delen av Finnsnes...

Eg må snart få sendt den andre pakken heim...

12. apr. 2010

endeleg skule igjen!

Eg har vorre særs ulydig, og ikkje skreve i bloggen på to veker. Skamme meg.

Eg har endeleg fått skule å gå på, den er i gang avstand, og eg byrjar i dag. Skulen heiter Collegio Intellectus, og logoen er grøn, (det er forresten dei to skule t-skjortane også), og med sånn stilig skrift, du finn den ofte på russe-kleda. Eg ska gå første året på vgs, og ha skole på ettermiddagstid (12:00-17:30/18:00). Så i dag vakna eg tidleg på grunn av litt nervar (06:30), og vertsmor vakna ca. 15 minutt etterpå, kom ut til frukostbordet og spurde kvifor eg var oppe så tidleg, eg sku jo ikkje på skule før 12! Diverre kunne eg ikkje svare, for eg visste det ikkje heilt sjølv.

Eg fekk også førre veke enda ein utvekslar til husstanden eg bor i. Han er 20 år, og derfor på eit anna program enn eg hos AFS, nemleg +18-programmet. Han heiter Aurel, er frå Tyskland, men like mykje svensk, fordi han har budd ca. 10 år i kvart av landa. Han har blond, kort hår som er krølla når det er langt (eg har sett bildar), blå grå auge (eg synes dei er meir gråe), og han har alltid eit smil på lur. Fantastisk god humor også.

+18 programmet hos AFS fungerar slik at i staden for å gå på skule, så jobbar du. Programmet er for dei som er ferdige på skulen, eller som ledd i sivilforsvaret. Eg veit ikkje heilt korleis det fungerar, men eg antar at gjeres dette som sivilforsvarsteneste, så kan Noreg betale deg for jobben. I vertslandet får du ikkje en rød øre, fordi AFS er som kjend, frivillig. Slik er det i kvart fall for han frå Tyskland. I Tyskland må alle menn igjennom teneste. Har dei særskilde grunnar til ikkje å gå i militærteneste, må dei igjennom sivil. Han valde da å gjere ei utveksling til Brasil som ledd i siviltenesta. Jobben hannes her er å jobbe som lærar på ein ballettskule, som også har andre tradisjonelle kunstartar (dans, skodespel, musikk, og kunst), i street-dance, og i kunst.

Eg har også så forsiktig byrja å bruke metroen, men eg er åtvara mot morgon- og ettermiddagsrushet. Han andre utvekslaren frå Tyskland som er på +18 programmet (har eg nemnt kva det er?) må gjennomgå morgonrushet kvar dag for å komme seg på jobb, stakkar. (hehehe…)

Eg lurar på om eg kanskje etter vidaregåande skal ta eit år i +18-programmet i, la oss seie Tyskland. Eller kanskje i USA. Nei, eg drar til Asia! Det er viktig å ha eit vidt språkspekter, så samarbeid på tvers av landegrensar lar seg gjere. Det er også kjekt å ha når man er på ferie. Tenke seg at du er i Portugal på ferie med familien, og ingen kan portugisisk. Tenk deg da også at ingen der kan engelsk. Det er eit problem, ikkje sant? I Japan er du ganske sikkert berga visst du klara å kommunisere med dei innfødde. Eg må finne eit kurs i japansk ein plass, eg har verkelig tenkt å dra til Japan ein gong. Kanskje for å studera? Kven veit, eg vil i kvartfall ha meir av reise, for det er jo så artig å sjå korleis kulturen er rundt om i verda.

Eg likar meg veldig godt hos dei eg er hos no. Eg antar at AFS ikkje fann ein ny familie til meg, så eg får berre ta godt vare på dei eg har no. Det er berre 73 dagar igjen til eg reiser heim. Eg gler meg.

29. mars 2010

Så mange ting!

Sia sist har eg vorre på kino to ganga, blitt slått på skøyting av en Brasilianer, sjekka prisa for svømmehall, spist masse iskrem, og god mat. Men eg savne heim!

Eg har vært og sett Avatar (igjen) men denne gangen i 3-D. Og det va ganske imponeranes! Og andre gangen så eg Remember me. Siden eg e veldi dårli på anmeldelsa, så risikere eg å servere skikkelie spoilere. Men gå og se den! Den e bra!!! synes no eg.

Det e stadi fint vær i Rio, og AFS Rio de Janeiro gjør siste forsøk på å finne en vertsfamilie te meg, fordi ho eg bor hos no har definitivt ikkje råd te meg. AFS betale henne penga for maten eg spis, ellers skjer underholding for meg for mine penga. Som minne meg på at eg skylde vertsmor 25 R$ for skøyting.

Og det me skøyting, Eg bei skikkeli slått i skøyting. Kem hadde trodd det? En Nordmann slått i en vintersport av en fra varmar strøk? Men det har sin naturlige forklaring, eg har gått på skøyter omtrent 4 eller 5 ganga før i heile mitt liv(!) og sjansan har berre vært 4-5 måneda av året, mens denne brasilianske vertsbroren har kunnet gå til en skøytehall heile året igjennom. Eg koste meg skikkeli, men fekk litt dårli samvittiheit for å ha gått av isen før tida eg betalte for va over. Ho vertsmora bei skikkeli sur for at omtrent 25 minutt va gått i vasken, men eg syntes no egentil det va bedre å gå av isen før eg tok selvmord.

Eg e ikkje flink te å ta kritikk, så i går kveld sov eg dårli. Kritikken gjekk ut på at vertsmor spurte KA som e så interessant på internett at du bruke heile dagen på det, og eg svarte så sant det va for min del at det stort sett va for å drepe tid, men at eg likte å lese. Ho va nyskjerri fordi sønna hennes gjør nemli akkurat det, som meg, sløse tid på nett.
Kritikken fortsatte og eg følte meg litt dårli, fordi eg ikkje hadde noen gode argumenta.
For meg så e grunnan greie nok; midt på dagen, når det vanlivis e skole, e det for varmt te å være ute, så siden eg ikkje har skole enno (det e litt rart, å være på et program beregna på skoelgang, og ikkje gå på skole?) så har eg sovet te 11-12 på dagen, og brukt resten av dagen te å lese datamaskin.
En anna ting e det at eg har ingen aktivitet, og eg kjenne ingen eg kan gå ut me. Dem eg kjenne fra Rio, veit eg ikkje kor bor.

Eg har prøvd å få i orden en fritids aktivitet, svømming, men det ser ikkje ut te å virke slik det gjør i Norge. Du kan ikkje betale for engangs entré. Du må betale for en periode på minst to måneda, eller ta svømmetima (og det treng ikkje eg)

Idag ska vertsmor prøve å få meg på den KUMON språkskolen igjen, så eg ihvertfall gjør NÅKKA. Probleme mitt e at det egentli ikkje friste. ALT koste penga her. Det e alltid enn eller anna merverdiavgift, og det eneste gratis, e fortauet og stranda. Eg foretrekke stranda, men den e for langt borte, og eg e redd for å gå meg bort. Eg har ikkje noen måte å kontakte heim på heller (legg denne grunnen te dem for databruken også)

Men te tross for klaganes ord, så klage eg ikkje på situasjonen eg e i, fordi eg trives me vertsfamilien og den versbrorn som e her anna kvær helg. Familien e forresten skummelt lik min biologiske. Det e igrunn litt ironisk at eg trives best i familien som ligne mest på den eg har heime.

19. mars 2010

*snufs*

Ja, da har eg vorre ei veke i Rio, og eg har vorre sjuk, blive frisk, og er no sjuk igjen. Igår var eg på Fylkes universitetet i Rio de Janeiro, og det er eit imponerande byggverk i betong. Det er 9-10 blokkar med 11 etasjar kvar. Det opne ganga imellom byggingane, og frå dei kan du verkeleg sjå det kreative mylderet nokre universitet har. eg var der, fordi eg hadde ikkje så mykje å gjere, og det ser ut som verts mor er student (?), så eg fekk 'freeloade' på ein av klassane. Det var ein klasse i... kva heiter det? Der kor du lærar om mellom menneskelege relasjonar og slik psykologi?

Uansett, det er klassane ho tar om morgonane, og kvelden tar ho økonomi og kommunikasjon. Skulen eg ska gå på vis AFS ikkje finnar ein ny vertsfamilie til meg, visar seg å kanskje ha dei to utvekslingselevane eg kjenner i Rio, så eg er ganske lukkeleg (fyste gong også eg ikkje ynskjer at AFS finn noko ny løysning). Men eg har enno ikkje sendt den pakken eg vil sende. Må spørje litt rundt om det.

Ogog! I går var også fyrste gongen eg teikna på over ein månad! Det var så morosamt!

På søndag var eg med dei eg er hos no med til 'Vatnet' (Lagoa), og sykla på tandem. Vi var der frå seks på kvelden til 8 eller 9, etter at det blei mørkt. Eg fekk følinga av å vere på tivoli.

Den siste veka har eg ete hav relatert lunsj og middag 3 dagar, meir enn eg har ete gjennom heile opphaldet mitt så langt. Visste dykk at maritim mat her kallast for havets fruktar?

hmm... Og eg ete masse sjokofromasj, iskrem og dessert.

7. mars 2010

Rio, folkens!

Saa, siden sist, saa har eg vaert paa kino, og sett en film, eg har kjeda livet av meg, proevd aa sende post paa en loerdag, og faatt vite at eg ska bytte by te Rio de Janeiro.

Det e slik at i bytte av by, saa har utveksleren intet valg. intet. Likevel haapa eg paa São Paulo, eller Natal. Neida, det ble den farligste byen, du. Men eg trur ikkje eg ska bekymre meg saa mye. Innbyggerne har bygd opp fornuftie forholdsregla, som eg selvfoelgeli ska foelge. Men, eg har faatt vette at eg faar gjoere nokka ikkje mange faar gjoere. Det aa bytte by e en siste krampetrekning for aa faa utveksleren te aa bli.

Foer jul sa lokalkontakten min at de lette no ogsaa utafor byen. Eg sa 'Flott! Eg trur bytte av omgivelsa kan vaere bra for meg.' saa dro eg paa den maanedsturen, og naar eg kom tebake, fekk eg da spoersmaalet om eg ville bli hos den midlertidie familien, eller om eg ville ut. Eg sa takk for tilbudet te det foerste, men at eg virkeli trodde bytte av omgivelsa ville gjoere meg godt.

Grunnen te det va at eg meinte at en storre by paa generell basis har et meir liberalt syn paa skeive folk en de mindre, pga. turisme. Dette e stort sett berre en forsikring fra min side, fordi det oeke sjansen for aa finne noen som kan leve me det at eg foretrekke gutta. Saa e det jo det at en stoerre by ofte e meir komplisert, og eg maa foelge de raadan familien gjer vesst eg ska greie meg. Altsaa, raadan dem gjer for aa vaere utafor huset. Inne bi eg kanskje aa forhandle litt.

Post e dyrt her. I motsetning te Posten Norges system med pris pr. volum, tar dem betalt her for vekt. og det mye pr.kilo. Eg har endel greia eg vil sende heim, foer eg selv fer heim, fordi det vil vaere unoedig overvekt, og det e ting ikkje overhode treng. det triste e, at posthuset e stengt paa baade loerdag og soendag. Og eg reise paa mandag. Saa, naar eg drar te Rio, saa kan eg haape at flye gaar paa ettermiddagen, eller at AFS betale all overvekt te Rio. Eg haape veldi paa det foerste. Da bi det mindre for meg aa baere. Familien i Rio e ikkje heilt klart enno, men det e slik at foerste by som melde seg me familie te profilen min MAA ta meg inn.

Eg kjenne noen fra turen som bor i Rio, saa har eg flaks, faar eg raskt kontakt.

Saa, kort fortalt, eg har det bra, og ska skifte te ny vertsby.

22. feb. 2010

Dagan på nyåret.... (kan oppleves som syting)

ja. Kort oppsummert, Januar va fett, mens Februar e dørgende kjedeli.

Detaljan for februar e at me en gang eg kom heim, bei eg spurt om eg ville fortsette å bo hos den midlertidige familien, eller om eg ville bytte te en anna by, fordi AFS hadde to "Kanskje" familia, en i Ceará Fylke, og en i São Paulo Fylke.
Det skjedde den 06.02.10.
Siden da har eg ikkje gått på skole, fordi å innrulleres i skolen her e dumt når eg likevel snart ska te et nytt sted... Og eg har enno ikkje flytta, og eg høre ingenting fra lokallaget her. Eg har sagt hade te alle eg kjenne på skolen, men nyli fikk eg høre av en av de andre utvekslingselevan at eg ska visst ikkje nokka sted likevel! Fordi ho hadde snakka med den midlertidie vertsmora mi, og fått høre at de i São Paulo hadde sagt nei, og derfor sku eg ikkje noen plass. Ka e det fornåkka?!

Det oppleves som om eg e sist te å få vite ting om meg alltid!
Eg har desverre bynnt å få litt tillitsproblema me lokallaget mitt, og det e aldri bra.

I det siste har eg tenkt på om det ikkje egentli e bedre at eg berre drar heim te Norge igjen... Klart, det ville være litt surt å dra heim noen måneda før alle andre fer, men å sitte i usikkerheita heile tida e verre. Oppholdet har såvidt eg kjenne det selv gjort meg meir usikker i relasjona med andre, og eg e redd det vil smitte over te dem eg har i Norge, type, Du sei nokka som eg tenke "Meinte du det du sa, eller va det nokka anna du egentli meinte?" om. Som du skjønne, ikkje heilt bra. Eg ska seinar idag ringe te lokalkontakten min (selv om det ikkje friste), og spørre om vi kan snakke sammen snart, vi ska visst gjøre det en gang i måneden uansett.

Eg har bynnt å savne maten, kulda (faktisk! og eg e ikkje bestevenn me den), Torsdagsklubben, og... ja, dokker.

Så ka gjør man?