21. apr. 2010

Til Sigrid

Mens eg har det bra i Brasil, har det skjedd ei tragedie i mitt lokalsamfunn i Noreg. Dei som les nett avisene eller papirutgåva la kanskje merkje til artikkelen om ein teltbrannulukke i Salangen på dagbladet.no og dei mange på folkebladet.no. Blant dei var det min yngste brors klassekamerat, systrene hans, eit syskenbarn og besteforeldra deira. Då eg i går las om at den yngste av systrene var dødd, gråt eg. Eg gråt for henne, for foreldra hennes, for dei andre, og for alle. Difor vil eg fortelje ei forteljing om korleis kirsebær treet blei til.

Ein ung gartnar i Hokkaido i Japan var gift med ei ung dansarinne. Dei budde saman i eit lite hus på toppen av ein ås, og var veldig lukkelege. Ho dansa alltid i ein rosa kimono, og ho dansa alltid med det lange, svarte håret laust. Ho hadde mandelbrune auge, fyldige leppar, og huda var av ein gudeleg kvit farge. Ho var på folkemunne kalla ”Vinden som forteljar”. Dei som så forstillingane hennar sa at ho la alle sine følelsar i dansen, og man kunne lese ei kjærleiksforteljing i alle dansane. Ho var den som alle så opp til, og som lo med barna, så vel som dei eldre. Ho var vidt elska, men høgast av sin mann. Gartnaren var hovudstups forelska i kona si, og stelte vel for henne. Då ho ein dag blei sjuk, blei gartnaren veldig trist. Ho fortsette å danse, men for kvar dag som gjekk, blei ho svakare, dansane blei tristare for kvar dag, og gav uttrykk av at ho visste ho kom til å dø. Ein dag døydde ho, og gartnaren gravla kona si i hagen utafor huset, og opp av grava veksa eit kirsebærtre. Stammen var noko av det kvitaste han hadde sett nokon gong på eit tre, og grena bukta og tvista så det så ut som om treet dansa. Det fyrste året blomstra treet ikkje, men i sluten av februar året etterpå, på den tida kona hadde døydd, blomstra treet ein dag. Han vakna ein morgon, og så ut. Då sperra han opp auga, og så at treet var dekka av små, rosa blomar. I dagane etterpå hadde kronbladan lausna, og dansa sin veg, sakte, og påverka av vinden, ned mot jorda, som å fortelje at ho fortsett var hannes.

På grunn av dette, haldast avslutingsseremonien, det som tilsvarar konfirmasjonen i Noreg, i slutten av februar/byrjinga av mars, for å markere overgangen frå eit stadium til eit anna.

Eg ville teikne noko, men det ville ikkje ha komme fram tidsnok, så eg skreiv det ut i staden.

1 kommentar:

  1. Bjørn. For ei fin forteljing. Kanskje Sigrid kan bli ein fin blome. Vi gret litt alle saman. Men vi vonar at dei tre borna som er att klarar seg. Takk for at du tenkjer på dei. Eg skal syte for at mor og far deira får vite at det er nokon som tenkjer på dei heilt der borte i Brasil.

    SvarSlett