19. mars 2010

*snufs*

Ja, da har eg vorre ei veke i Rio, og eg har vorre sjuk, blive frisk, og er no sjuk igjen. Igår var eg på Fylkes universitetet i Rio de Janeiro, og det er eit imponerande byggverk i betong. Det er 9-10 blokkar med 11 etasjar kvar. Det opne ganga imellom byggingane, og frå dei kan du verkeleg sjå det kreative mylderet nokre universitet har. eg var der, fordi eg hadde ikkje så mykje å gjere, og det ser ut som verts mor er student (?), så eg fekk 'freeloade' på ein av klassane. Det var ein klasse i... kva heiter det? Der kor du lærar om mellom menneskelege relasjonar og slik psykologi?

Uansett, det er klassane ho tar om morgonane, og kvelden tar ho økonomi og kommunikasjon. Skulen eg ska gå på vis AFS ikkje finnar ein ny vertsfamilie til meg, visar seg å kanskje ha dei to utvekslingselevane eg kjenner i Rio, så eg er ganske lukkeleg (fyste gong også eg ikkje ynskjer at AFS finn noko ny løysning). Men eg har enno ikkje sendt den pakken eg vil sende. Må spørje litt rundt om det.

Ogog! I går var også fyrste gongen eg teikna på over ein månad! Det var så morosamt!

På søndag var eg med dei eg er hos no med til 'Vatnet' (Lagoa), og sykla på tandem. Vi var der frå seks på kvelden til 8 eller 9, etter at det blei mørkt. Eg fekk følinga av å vere på tivoli.

Den siste veka har eg ete hav relatert lunsj og middag 3 dagar, meir enn eg har ete gjennom heile opphaldet mitt så langt. Visste dykk at maritim mat her kallast for havets fruktar?

hmm... Og eg ete masse sjokofromasj, iskrem og dessert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar