27. apr. 2010

Veke 16

Forrige veke gjorde eg ei tabbe på skulen. Eg kom i vanlege kne-shorts, og vanleg t-skjorta. Det blei ikkje sett heilt blidt på, men formildande forhal var at t-skjorta var grønn. Eg hadde fyrste veka kommen i dongeri bukse, fordi det så så bra ut med støvel-conversan at eg ikkje skjønte at dongeri bukse er påbodet... eller, reknast som ein sjølvfølgje del av skule uniforma. Ugh. Eg må altså sveitte ut dongeri buksene mine i tur, annakvar veke. Og eg har berre to skule t-skjorter, så eg må bruke ei skjorte heile veka. Dobbelt ugh, fordi det er der eg sveittar mest.

U-AN-SETT, helga var ei super-lang-helg, frå onsdagen til søndag. Onsdag for eg til stranda, stupte uti vatnet, før eg skjønte at det var skittent og ekstra salt... Ikkje gjett kvifor... Eg har fortsatt etter-frysningar av opplevinga. Eg kom meg alt for sakte heim, og opplevde endeleg ettermiddagsrushet Aurel gjennomgår kvar dag (han på +18 programmet). Eg haldt på å få latteranfall, det var så komisk, vi kom til stasjonen og ein nesten full vogn. Så, rett før metroen går, pressar masse personar seg inn, og eg trykkjast inn i massen, etter kvart pressar meire folk seg inn, for nesten alle går av på ein stasjon for å skifte metro.

Torsdagen var eg invitert på jungel safari, av Aurel, men eg over sov til rett etter at han for, så eg brukte dagen til å slappe av. Fredagen skulle vi dra på "urban exploring", men det gjekk i vasken, fordi vi blei kjørt feil av verts-mor. Frustrerande, men lite å gjere med. Eg tenkjer at eg skal sjå om ikkje det er mogleg å berre labbe-tusse dit.

Laurdag var teater, Og det var ei ganske annleis oppleving. Kort, før vi for på teater, for eg til Aurel's arbeidsplass, for å sjå ein dans og musikk presentasjon. Etterpå for vi på teateret. Verts-mor sa at vi måtte komme tidleg, minst to timar før, fordi det var kun gratisbillettar ifrå skranken. Så showet byrja 20:30, og vi var der 17:45. Da var det allereie litt kø, og den veksa litt fram til dei opna luka. Kulturen her at folk trur dei skal vere smarte, og bruke vener og familie som allereie er i køa... Men vi fikk endeleg billetter, etter smertefulle timer i kø, og kva skjer så? jo, det dannast ei ny kø inne, utafor salen. I-DI-O-TI. Kvifor i all verda gjere det slik? Er det ikkje enklare å opne vegen heilt inn, så folk for sitje, og dei slippar å stresse med å finne plassar til dei siste? Men Showet veide opp. Det het når eg oversetjar "Gamal er mora", og handlar om ei kvinne i 50-60 åra som har brote med sin 13 år lange ektemann, og spetakkelet ho lagar med dotera si på 40, som fortsatt er singel... Undervegs kjem det ganske tvilsame an modningar om alder, seksualitet, og forhold...
* som at mora er 50, og dotera 40...
* ektemannen dater ei 80 år gamal be kjend av mora (harr-harr)
* at dotera er lesbisk, fordi ho fortsatt ikkje er gift...
Men avslutninga er no søt... Den sluttar med ei Beatles-låt...

Søndagen var berre slapp av dag... Men, i går åt eg reker igjen, og verts-mor spurde kvifor eg pilla skallet av alle rekene på tallerkenen min (Eg likar norske reker betre enn dei her, sjølv om dei er mindre i Noreg, så er skallet mykje lettare å ta av), og forklarte at her spisar dei alt unntatt hovudet, så eg prøvde... og pilla dei siste rekene fri for skall.

Til sist vil eg nemne at eg er byrja å vurdere rasta-fletter... Eg tenkjer at det vil gå særs bra med ein tribal-stil, og eg ser ikkje bort i frå at dei vil sjå bra ut på meg... Eg må berre få fatt på utstyr først... (mamma og pappa, eg vil ha meininga dykk på saka, sjølv om eg kanskje ikkje følgjer den. Hadde det eigentleg kledd meg?) Når eg kjem tilbake, vil eg uansett pierce navlen, så det blir enten berre piercing, eller begge delar.

Ellers ser eg litt fram til å komme heim...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar