19. apr. 2010

smånytt...

Jah, då har eg overlevd fyrste skuleveka på nyåret (endeleg) Klassen er svært bråkete, men dei er alle omsorgsfulle, så eg klarar meg. Dog, eg kan ha gløymt ein av skuledagane laurdag, så eg skal spørje idag om eg har skule på laurdagen også.

På laurdag var eg på fyrste fest, og som ein ekte "carioca", kom eg seint. Og synet eg møtte var ikkje det beste av festa. Av ein drøss inviterte, var vi tilsaman 5, med vert + foreldra hennes. Men det var i grunn greit, fordi då slapp eg hovudverken eg forventa å få. Eg drakk jus og brus, og åt brownies. Etterpå tok eg taxi heim, ein gong mellom 1 og 2 på natta, fordi festen var i eti farleg område.

I går var eg på stranda, og koste meg. Eg for med den andre utvekslaren i husstanden, og vi bada i passe kjølig vatn, og med ei ikkje for sterk sol. På stranda kjøpte eg litt meire øyrepynt, og eit lite armband.

Alt i alt kan eg ikkje klage på tilværa, men eg har tatt meg i å tenke kvifor eg ikkje kjennar igjen denne delen av Finnsnes...

Eg må snart få sendt den andre pakken heim...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar