Eg har vorre særs ulydig, og ikkje skreve i bloggen på to veker. Skamme meg.
Eg har endeleg fått skule å gå på, den er i gang avstand, og eg byrjar i dag. Skulen heiter Collegio Intellectus, og logoen er grøn, (det er forresten dei to skule t-skjortane også), og med sånn stilig skrift, du finn den ofte på russe-kleda. Eg ska gå første året på vgs, og ha skole på ettermiddagstid (12:00-17:30/18:00). Så i dag vakna eg tidleg på grunn av litt nervar (06:30), og vertsmor vakna ca. 15 minutt etterpå, kom ut til frukostbordet og spurde kvifor eg var oppe så tidleg, eg sku jo ikkje på skule før 12! Diverre kunne eg ikkje svare, for eg visste det ikkje heilt sjølv.
Eg fekk også førre veke enda ein utvekslar til husstanden eg bor i. Han er 20 år, og derfor på eit anna program enn eg hos AFS, nemleg +18-programmet. Han heiter Aurel, er frå Tyskland, men like mykje svensk, fordi han har budd ca. 10 år i kvart av landa. Han har blond, kort hår som er krølla når det er langt (eg har sett bildar), blå grå auge (eg synes dei er meir gråe), og han har alltid eit smil på lur. Fantastisk god humor også.
+18 programmet hos AFS fungerar slik at i staden for å gå på skule, så jobbar du. Programmet er for dei som er ferdige på skulen, eller som ledd i sivilforsvaret. Eg veit ikkje heilt korleis det fungerar, men eg antar at gjeres dette som sivilforsvarsteneste, så kan Noreg betale deg for jobben. I vertslandet får du ikkje en rød øre, fordi AFS er som kjend, frivillig. Slik er det i kvart fall for han frå Tyskland. I Tyskland må alle menn igjennom teneste. Har dei særskilde grunnar til ikkje å gå i militærteneste, må dei igjennom sivil. Han valde da å gjere ei utveksling til Brasil som ledd i siviltenesta. Jobben hannes her er å jobbe som lærar på ein ballettskule, som også har andre tradisjonelle kunstartar (dans, skodespel, musikk, og kunst), i street-dance, og i kunst.
Eg har også så forsiktig byrja å bruke metroen, men eg er åtvara mot morgon- og ettermiddagsrushet. Han andre utvekslaren frå Tyskland som er på +18 programmet (har eg nemnt kva det er?) må gjennomgå morgonrushet kvar dag for å komme seg på jobb, stakkar. (hehehe…)
Eg lurar på om eg kanskje etter vidaregåande skal ta eit år i +18-programmet i, la oss seie Tyskland. Eller kanskje i USA. Nei, eg drar til Asia! Det er viktig å ha eit vidt språkspekter, så samarbeid på tvers av landegrensar lar seg gjere. Det er også kjekt å ha når man er på ferie. Tenke seg at du er i Portugal på ferie med familien, og ingen kan portugisisk. Tenk deg da også at ingen der kan engelsk. Det er eit problem, ikkje sant? I Japan er du ganske sikkert berga visst du klara å kommunisere med dei innfødde. Eg må finne eit kurs i japansk ein plass, eg har verkelig tenkt å dra til Japan ein gong. Kanskje for å studera? Kven veit, eg vil i kvartfall ha meir av reise, for det er jo så artig å sjå korleis kulturen er rundt om i verda.
Eg likar meg veldig godt hos dei eg er hos no. Eg antar at AFS ikkje fann ein ny familie til meg, så eg får berre ta godt vare på dei eg har no. Det er berre 73 dagar igjen til eg reiser heim. Eg gler meg.
Hei! Gleder meg til å høre om skolen snart!
SvarSlett