Okei, eg juksar litt idag. Forrige er ikkje det siste innlegget. Eg måtte berre skrive litt til.
Så, eg skal skrive om omsorg. Fordi eg er for augebliket sjuk, med vondt i magen (igjen), lett kvalme og svettetoktar eg ikkje har vorre borti før. Eg prøvde å kjøpe cola, fordi det normalt virkar visst eg nippar brusen, men det hjelpte ikkje mykje. Og eg kom til å tenkje på kvifor det ikkje virkar som det skal, og kom fram til at det var ingen der som trøsta meg eller strøk meg over kinna, og sa "bli i senga du og sov meir"
Og eg innsjår no at eg har tatt omsorg for gitt. Og det var rart å føle at eg ikkje egentleg trengte det, (fordi magesmertane var ikkje veldig store, men diare) men eg ville satt særs stor pris på det. Eg angrar på at eg ikkje dopa mamma, pakka henne i ein koffert og tok ho med. De gongane ingen var glad i meg, eller eg virkeleg trengte det, kunne eg berre ta ho fram, og få trøst og omsorg. (Eg ska tilbe den som oppfinner krymper... vent, det e jo berre å kaste mamma i vaskemaskinen og kjøre på 90 grader...)
Eg fekk faktisk panikk eit og eit halvt sekund, fordi korleis skal eg klara meg utan mammas omsorg? For ein frykteleg tanke! Flytte ifrå varmen og kjærleiken heime? huff, mamma, eg ska visst aldri flytte ut likevel. Dog, klart eg betalar husleige...
Men eg skal nok klara meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar