30. des. 2009

huff... spysjuka...

Okei, eg juksar litt idag. Forrige er ikkje det siste innlegget. Eg måtte berre skrive litt til.

Så, eg skal skrive om omsorg. Fordi eg er for augebliket sjuk, med vondt i magen (igjen), lett kvalme og svettetoktar eg ikkje har vorre borti før. Eg prøvde å kjøpe cola, fordi det normalt virkar visst eg nippar brusen, men det hjelpte ikkje mykje. Og eg kom til å tenkje på kvifor det ikkje virkar som det skal, og kom fram til at det var ingen der som trøsta meg eller strøk meg over kinna, og sa "bli i senga du og sov meir"

Og eg innsjår no at eg har tatt omsorg for gitt. Og det var rart å føle at eg ikkje egentleg trengte det, (fordi magesmertane var ikkje veldig store, men diare) men eg ville satt særs stor pris på det. Eg angrar på at eg ikkje dopa mamma, pakka henne i ein koffert og tok ho med. De gongane ingen var glad i meg, eller eg virkeleg trengte det, kunne eg berre ta ho fram, og få trøst og omsorg. (Eg ska tilbe den som oppfinner krymper... vent, det e jo berre å kaste mamma i vaskemaskinen og kjøre på 90 grader...)

Eg fekk faktisk panikk eit og eit halvt sekund, fordi korleis skal eg klara meg utan mammas omsorg? For ein frykteleg tanke! Flytte ifrå varmen og kjærleiken heime? huff, mamma, eg ska visst aldri flytte ut likevel. Dog, klart eg betalar husleige...

Men eg skal nok klara meg.

Glaum alt eg har skreve tidligare i innlegget. Eg har spysjuka, og eg fekk omsorg likevel. Eg likar den nye vertsfamilien min særs godt. Eg prøvde denne gongen medisin (forrige gong var det berre pillar, og den fyrste virka ikkje) som sku roe magen, nokka i retning det eg måtte drikke den ferien i Danmark med halsbrann, men denne hadde ein slags søt ettersmak, og eg sa at eg ville ha mamma (det utruli kor langt noen går for oppmerksamheit, altså! Skamme seg! ...okei, eg kjefte ikkje på meg sjølv for å ha spilt litt, men det virka no) Uansett, eg klarte ikkje å holde den nede, så når eg måtte på do, kom alt opp. Seinare prøvde eg ein anti-spy greie, men også den kom opp. Til slut sa eg til vertsmamma at kroppen kanskje ikkje vil ha medisin, berre kvile. Og no skriv eg igjen, og følar meg betre. Eg har berre drukke vatn og ein jus som eg klarte og halde nede (eg lurar på om det er ein frukt dei har lært her at halder seg nede ved spysjuka?)

Eg trur dette er fyrste gongen eg er sjuk på nyttårsaften, men det er i kvart fall ikkje så veldig ille. Eg har ei særs livleg mamma her, to kule systre, og ein pappa (trur eg) eg må bli betre kjend med. Eg trives for augeblikket. Så var det å bli frisk før den 5.januar, da... Ynsk meg lukke til!

Godt Nytt År!

2 kommentarer:

  1. Nei, du. eg krympar nok ikkje så lett!
    Eg trur nok bloggen din er litt mykje fokusert på deg og mindre på det du opplever (fram til slutten av oktober). Nå derimot synest eg du skriv om slikt som alle er interessert i - ja, spysjuka også, for du skriv nett korleis det opplevast å vere sjuk og langt frå dei du er glad i. Eg tenkte veldig og hardt på deg og vona at det finst noko slikt som tankeoverføring. Sjølv om eg har vondt for å tru det... Eg skjønar at du no er bra att, og at nyårsfeiringa gjekk godt. Vi gler oss til å høyre om turen din!
    Klem frå mamma!

    SvarSlett