3. des. 2009

Førre helg gjekk bra

Førre helg synes eg gjekk særs bra, fordi eg hjelpte skikkeleg mykje til heime. Eg tok oppvasken veldig ofte, og eg hjelpte til med å handle. Eg organiserte ryddigheita mi på rommet, så no er det i orden (blir det siste å leggje smør på flesk?). Eg leste også til side… ja, eg leste forbi side hundre i kvart fall, i Sofies verden på portugisisk. Eg forstår mykje meir av handlinga no en da eg byrja, til dels fordi eg kan språket betre no, og til dels fordi eg har lest boka ein gong tidligare, men då på norsk. Det er interessant korleis namna er like det eg kjennar til, men likevel særs forskjellig.
Eg har byrja å få tilbake prøvar, og eg fekk 5 på portugisisk grammatikk! … Vel, det tilsvarar omtrent ein god 3ar, men likevel! 5 er særs bra, fordi fortsetter det slik, kjem eg til å ha 10 i portugisisk i sluten av skuleåret! Eg spurte ei i klassen kva som var gjennomsnittskarakter i klassen, og ho svara 8-10! 8-10 er sterk 5ar til seksar! Eg tenkte først, ho tullar berre, men så skjønte eg at ho meinte alvor. Eg ser no heilt klart at skule er noko ungdommen tar alvorleg i Brasil. Huskar eg ikkje heilt feil, er gjennomsnittet i norsk skule på 4-5… noko som er 6-8 her… Eg ska laga ein tabell med fag og karakter, norsk karakter i parentes.

Matte 1,5 (1)
Biologi 4 (2/3)
Geografi 4 (2/3)
Portugisisk 5 (3)
Litteratur 1 (1)
Engelsk 7 (4/5)
Historie 1 (1)
Kjemi 1 (1)

Blant mange mindre problema, så er det eit som er særs kritisk, øretelefonane til iPoden min er byrja å bli slitt nede me pluggen, så eg tør ikkje bruka dei. Eg rette på meg sjølv; plastikken er broten heile vegen rundt nede at med pluggen, så du ser metall ledingane. Eg ventar på ein sjans til å kjøpe nye, men til da, korleis ska man klare seg utan musikk?! Krise. Andre mindre problem er til dømes…. Korleis eg ska presentera Noreg på skulen.
Og… kanskje pengar, og pengar er viktige. Eg treng dei til å betale språkklassar for to månader, bussbillettar til og frå São Paulo, hotellopphald der, og div. julegåver. Prøvane gjekk… eg veit ikkje om eg ska sei, men eg overlevde.
Og denne helga skiftar eg vertsfamilie. Lokallaget kom fram til at forholdet mitt med søster ikkje kunne bergast, og at det derfor var best å skifte meg. Så i skrivande stund bor eg hos den no værande lokallagspresidenten, og i morgon eller på laurdag skal eg til ho som var president da eg kom til Brasil, og bo der over helga, så skal eg tilbake att, og bo hos presidenten enten til eg tar den reisa, eller til eg får midlertidig familie. Eg er einig i avgjøringa, og eg hadde tenkt å spørje om å få bytte familie uansett, fordi eg innsåg at eg hadde såra familien min særs mykje med oppføringa mi, så eg har lært av skade, og gjer ikkje feilane så lett i den nye familien. Forhåpentlegvis kan heile familien engelsk godt nok til at eg kan få alle spørsmål avklara, og korleis dei vil at eg skal oppføre meg.

Eg får kontakt med stadig fleire personar… Det er ganske morosamt at heile skulen OG universitetet veit at eg er utvekslingselev… Visst venninnene mine i klassen har rett, så er eg ferdig med skule for dette året den 3. Desember. Altså skule-skule, eg trur eg må møte opp kvar dag fram til 18.Desember. Kor herleg er ikkje det? Men det betyr også at eg må gjere meir heime. Og heime er det eigentleg ikkje noko å gjere, så på dagane med fint vær, skal eg utforska byen min meir. Eg tenkjer på å gå mot øst, og sjå om eg kjem til kyst. Om mogleg, strand, så eg får vassa litt barbeint. Det er noko terapeutisk i det for meg. Eg får følinga av å sleppe å tenkje på problema mine og berre være meg. Det er også ein ypparleg sjanse til å titte på gutar… Men hysj, ikkje sei det til nokon! Eg e tvungen litt tilbake i skapet her, men det er eigentleg så lite at eg ikkje bryr meg noko særleg.

Kolibri heite Beija-flor her. Flores er blomster og er hokjønn. Beijo betyr kyss, men her skifte verba slutt bokstav avhengig av substantivets kjønn, så til vanleg ville det vorre rikti å seie beijo (Lite kyss blir forresten beijinho), men fordi flor e hokjønn, så skifte beijo te beija. Hokjønn slutte me –a og hannkjønn me –o.
Men eg sporar av frå det eg sku fram te. Alle kan sei seg einige i at blomsterkyssar e eit godt beskrivande namn på kolibri? Bra.
Frå språkklassane mine har eg no tre tjukke bunkar med oppgåver som er retta og gjort ferdig. Det er ganske imponerande. For ei stund sidan kjøpte eg ein kortstokk. Så når det regn og lite å gjere, legg eg kabal. Den vanlege som alle kjennar frå PC, pyramide, og tellekabal. Eg har også byrja å lage eit norsk kurs for utvekslingselevar, kor dei lærar basis norsk. Eg skal laga eit Bokmålkurs og eit nynorskkurs, så kan gruppa velje kva dei vil lære. Eg forklarar dei at bokmål er det skriftspråket som er offisielt i Troms Fylke, men at nynorsk er nærare måten vi pratar på, men med litt andre og kanskje fleire reglar. Uansett, Dette er ei unik muligheit for meg sjølve til å systematisere språket mitt og finne ein måte eg kan læra det bort på. Eg trur mamma har egne klassar for framandspråklege, så kurset mitt er eit alternativ til å læra det fortare. Mamma, kan ikkje du forklare meg pr. e-post korleis du går fram? Så kan eg forklara deg korleis eg tenkjer meg at kurset skal gå.

Sånne istapp-julelys er visst veldig populære her. Eg veit at dei sels på Island, og Pappa har eit sett, eg trur dei fleste har enten sett huset eller sett bildar av det. Det er ganske flott, kva? Men her ser det eigentleg berre dumt ut… Eg meine, istappar i eit av verdas varmaste land? Kom igjen. Men det e litt morosamt å sjå for det om.
Eg laga ein fantastisk ordspel-vits (Gunnar kjem til å like den) Kvifor kan ikkje Mujamba gje Stig når Aligator? XP Dei har tillating til å sende ein rakett i min retning…

For tida hadde eg eit vakkert syn frå soveroms vindauget, fordi ein av ex-naboane hadde eit sånt asiatisk tre som er rosa av blomar, eit kirsebærtre, med eit regn av lette, lydlause og elegante kronblad under. Treet var på ein liten topp, så eg spurte av og til om eg kunne få sitje under treet av eigarane, og dei sa som oftast ”ja, det kan du”, sida plassen rundt treet var skjult av nokre buskar, og det var greitt og gå til plassen utan å gå forbi huset. Kan dykk tenkje dykk å sitje under eit sånt tre, lettkledde, i solnedgang med ein lett, lett vind på huda, som løyser kronblad så det er ein lett og jamn straum av rosa partiklar som dalar ned som små ballerinaer, eller som rosa regndråpar i saktefilm, med ein meir variert fallbane, utan nokre forstyrrande lydar anna en piano musikken frå ”Letters from Iwo Jima” på mp3-spellaren? Eg kan fortelje dykk at det er særs avslappande…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar