Søndag 20.12 så eg filmen Avatar. Eg likte den veldi godt hovudsakeleg av to grunna, og ein rekke mindre eg ikkje kjem på i farta. Det første e at den var i sjangeren fantasy/sci-fi, eller kanskje ein miks av båe? Og det andre var at den handla om eit tema eg synes er interessant; kampen innfødde har mot moderniseringa, og raseringa av naturen. Det handlar om denne skadde krigaren som får ein ”avatar”. Han drar ut på eit oppdrag, og blir værande med ein stamme avatarar, og har eit dobbeltoppdrag, som blir problematisk, fordi han tilslut dragast mot tre kantar. Det her er veldi laust beskrive, men den er verdt å sjå! Stol på meg, noen av scenane er ubeskriveleg rike og avanserte.
Her (i Joinville i kvart fall) så e songen ”Stereo Love” me Edward Maya & Vika Jigulina veldi, veldi, populær. Og det har den vorre i gode 5 månadar. Da eg høyrde songen fyrst, høyrde eg berre den electronica delen som går igjen, dundrande frå ein bil. Sidan byen har tysk opphav, og det var rundt Oktoberfest, tenkte eg ”Herre Jessu Fader, Dei har jo tadd Tyskland i heile sin populærmusikalske prakt hit!” Det tenkte eg lenge, til eg en dag hørte byrjinga, og tenkte ”denne likte eg.” Også kjem refrenget, og eg høyrer at det er faktisk ikkje Tyskland her. Og no som eg veit korleis den faktisk går, så har eg faktisk ingenting imot den meir. Eg legg til ein video eller to av sången så dokker kan synse om den. Kanskje den går på p3 Urørt no?
AFS Noreg har ein blogg konkurranse gåande blant utvekslingselevane, og eg fekk med meg ein av bloggane, ei jente som er i Tyskland, og dei grunna med at det var ei skildring av ein vellykka tilpassing, masse bildar, og gode innlegg. Og det fekk meg til å tenkje på kvifor den lyse sida ofte vinn over den mørke. Altså ,eg skjønner at det høyres betre ut å grunne ein seier på grunn av den positive tonen, men alt har ein bakside, også utveksling. Klart, når du må gjentekne gongar bytte familie, og du skriv om det i bloggen, mens du filosoferar på kvifor det gikk som det gikk, kven var skuld, kvifor fungerte det ikkje, så må det nesten fremjast litt, så andre kan læra og sjå korleis ein kulturkrasj kan være. Eg leste gjennom bloggen min i kronologisk rekkefølgje, og eg ser ingen grunn til at min blogg ikkje sku kåres. Tonen i bloggen e generelt nøytral, og eg forklarar konfliktane etterkvart som dei løysast eller oppdagast. Bloggen min kan være eit godt eksempel på korleis ting kan gå visst du er mindre heldi, og kva som faktisk skjer når du kjem i en slik situasjon.
Eg ska ta det som er relevant for den som skal være utvekslingsstudent, først noko som er utruleg viktig, og kan ikkje gjentas for ofte, også tar eg det som skjer visst du hamnar litt på skråplanet som meg:
1. punkt er allereie i søknads prosessen. Få med absolutt alt om deg, det være tro, legning, hudfarge, sykdommer, evt. (faktisk) rulleblad, ikkje at eg har et. Skriv om favoritt mat, drikka, farge, alt. ALT.
2. punkt e, sku noko gå galt dei første dagane med familien, det e ikkje farleg, det som skjer, er at lokallaget er kjapt ute, tar deg ut av familien, og lar deg bo hos ein av dei, til dei har funne ein ny. Ofte er dei veldig profesjonelle, og hald deg me selskap til du har familie. Det er normalt å måtte bytte i løpet av utvekslinga.
3.punkt er at sku det oppstå problema med den nye familien, vil lokalkontakten samtale med deg, familien, og du må kanskje underskrive ein kontrakt med punkt du må følgje for å betre situasjonen.
4.punktet er at du må være ekstremt forsiktig, og visst du har kontakt med lokalkontakten meir enn ein gong i månaden, vil du ganske sikkert bli sendt til over-lokalkontakten. Fordi, mykje kontakt med lokalkontakten er eit teikn på at du ikkje klarar å integrera i kulturen. Som eg har skreve tidligare i bloggen, der vil det settes spørsmålsteikn me utvekslinga di, og du må svare grundig for deg, kvifor du blei utvekslar, kvifor du valde nettopp lande du er i , kvifor ditt og kvifor datt, korleis forholda med div. personar er, og nokre spørsmål som visar kor integrert du faktisk er. Tilslut må du signere ein ny kontrakt.
Og, 5. punktet er at visst situasjonen blei alvorleg nok, vil lokallaget ha eit råd om din situasjon, uansett kor bra du trur det er etter møte med over-lokalkontakten, og bestemme om du burde bytte familie igjen. Ofte vil du sikkert være letta, og einig i bestemminga, fordi du sjølv så korleis det forholdet utvikla seg etter dette møte.
Denne vekka var det som alle veit jul, og dermed fekk eg sjansen til å møte presidentens familie. Vi åt pizza, og etterpå la eg merkje til ein ting til som eg kan leggje til det eg skreiv om først i førre blogginnlegg. For eg opplevde at mannen til presidenten vil at eg skal hjelpe meir til heime, og i den samanheng har eg prøvd å ta oppvasken etter måltida, men eg får aldri gjere ferdig. Og ofte når eg spør om å få hjelpe, seier presidenten enten nei takk, eller at ho skal rope på meg når ho treng hjelp. Og ho rope aldri, og eg får et dilemma. Men så, på tysdag, så åt vi altså pizza, og etterpå opplevde eg at svigesyster får ta heile oppvasken, og eg tenke; jaha. Dei vil at eg ska hjelpe, sei dei ikkje treng hjelpa, og lar gjestane ta oppvasken. Merkeleg. Ikkje at det nødvendigvis er korrekt observert, men eg tenkte det. Men dei var alle i hop hyggelege. Familien til presidenten, altså. Høflige og skikkelege folk.
Eg forstår ikkje far i huset. Klart eg forstår språket, men eg forstår ikkje han. Han skremmer meg og gjer meg nervøs. Fordi han er sint heile tida, han vil eg ska hjelpe meir til, og han seier uforståelege ting.
Og han kan skifte humør fortare enn ei veltrena hora kler av BH-en.
Og eg kjente eit stikk av heimlengsel da eg skjønte at det ei i grove trekk to gåver til meg på julaftan, den eg fekk av første vertsfamilien, og den eg kjøpte te meg sjølv. Og, eg gløymde den eg fekk av ei venninne (Homer som frir te Marge). Og nokre sjølvlaga julekort. Sikkert patetisk, og presidenten blir sikkert å synes veldi synd i meg. Trøsta mi er at eg etter nyttår skal på en drømmetur, og når eg kjem tilbake te Noreg, får eg masse gåver, antakeleg vis dyre kombinert jule- og bursdagsgåver, og eg får møtt sterkt sakna vennar og folk.
Eg kjenne at fordi eg e utan vertsfamilie, så sug jula litt. Fordi julegåvene heiman ifrå ikkje kunne sendast fordi eg skjønte at eg kanskje måtte skifte familie, og fordi på julaftan var det som sagt få gåver som var adressert til meg. Eg fekk ein sånn nakkedings som mann sett rundt nakken når man tar ein lur i bilen så nakken ikkje blir stiv, og eit flaggskjerf i grønt, gult, blått og kvitt. Og sistnemnte kjøpte eg til meg fordi eg skjønte at det ville auke kvoten min litt. Forresten, har nokon planar om å sende bursdagsgåve te meg, vent heller til eg kjem heim. Då får eg mindre å pakke, og heile heimturen treng kanskje ikkje så mange pappeska sendt i forvegen.
29.12.09
Ja, da e året nesten slutt, og det her bi årets siste innlegg.
Eg har ikkje oppdatert bloggen, fordi den 25.12 dro vi overraskande til strand - huset til Presidenten, og blei der til i dag. Eg har bada nesten kvar dag, blive litt solbrent på skuldra (ingenting Aloe Vera ikkje kan fikse), og på besøk kom den tyske vertsdattera deies for noen år tilbake på besøk med kjærasten Moritz. Einaste grunnen til at eg huskar namne var at det fekk meg til å tenkje på ein pakke ritz-kjeks på bærtur…. Uansett, No sett eg hos den nye vertsfamilien, utan pakken mamma sendte(håpar presidenten tar den med til meg før eg fer til São Paulo) men ganske fornøgd. Vertsfamilien virke veldi grei, og dotrene har begge vorre utvekslingselevar. Endelig kan eg bruke eigen data til internettbruk. Då slepp eg å gå lange omvegar for å lese e-post, og eg kan forhåpentlegvis besøke litt fleire nettstedar enn eg har hatt lov til så langt (må så klart spørje fyrst kva sider eg kan besøke) Ei av dotrene i den nye vertsfamilien har vorre eit år i Japan, og forstår då sikkert min fascinasjon for japansk teiknekunst (det som heiter manga og animè)
Eg sku kanskje ha reisefeber akkurat no, sidan det er ei veke til eg drar. Men reising er liksom ”second-nature” for meg.
Så, Da ønske eg alle som les dettanes et godt Nytt år! Sees på andre sida!
PS. Eg skal ta så mange bildar som eg orkar og klarar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar