19. des. 2009

Denne veka skal laere litt om...

dobbeltmoral i kulturen.
Fordi det er noko som er ein stor del i den brasilianske (!@#/%¤#?¨^* kvifor høyres båe brasilsk og brasiliansk like riktig ut?) kulturen. Folk snakkar rett som det er med kløyvd tunge, og det er frustrerande. Det har vore til stades i heile mitt opphald, men det er fyrst no eg tenkjer skikkeleg igjennom det. Det har skrike, klort, bitt, alt for å få oppmerksam. Trur den også ga meg ein trøkk 16, for eg vakna en morgon med uforklarleg vondt i auget. (E trøkk ein slags målestokk i boksing? Eller kanskje eit nød rop. Eit teikn på nestekjærleik. En boksar fallar med hjertestans, og motsatt trenar ropar ”Trøkk 16!”, så ropar kanskje den andre trenaren ”nei, trykk tjue!” Og te slutt bryt dommaren inn, og seier ”Har dokker rota nød nummera heilt til?! Ring seven eleven!”)
En gang i førre veke kom eg til å tenkje på noko ein i lokallaget sa om kulturen. No ska eg ta fridomen til å herse litt med kulturen det forventes eg skal adoptere som eit barn frå… Guatemala? Vent, det bliv jo ikkje riktig, eg er jo i Brasil! Men det fyrste høyres faktisk meir riktig ut og logisk… Dog, det finnes jo masse heimlause og fattige barn her også… Når eg tenkje på det, så er jo PLAN-fadder ordninga litt diskriminerande! Det er jo aldri reklame på TV om å bli fadder for ein unge i Brasil! Det e alltid Guatemala, eller Haiti, eller Uganda, Rwanda eller Pakistan. Men Brasil? Nei då. Dette må vi få gjort noke me. Noen, ring seven eleven!

Det fyrste eg såg til dobbeltmoral va rdet me åpenheit. ”Det litle slipp førde til eit klipp i situasjonen, og ein periode var det godt. Men igjen ble eg forrådt”(16NORRB, kap 91,17-18) Det var ein komplikasjon heilt i byrjinga av utvekslinga, som sette 1. Vertsmamma i eit dillemma som var om ho sku godta legninga mi og bekymre seg sjuk, eller om ho sku sende fantastiske meg bort og sleppe bekymringa (Ho sa faktisk at ho syntes eg var ein fantastisk person)
Det andre var at eg måtte bytte familie. Igjen. Og det skjedde gjennom at eg ville hjelpe, men var enten for seint ute, eller dei ville ikkje ha hjelp. Dei sa ”nei takk” og eg e opplærd til å godta nei takk, men forsikre meg om at personen ikkje vil. Og trur du ikkje dei bliv sure over at eg ikkje gjer noko? Joda, det bliv dei. Eg spør tre-fire gongar om å hjelpe (så klart fordelt ut over dagar) og tilslut gjer eg faktisk opp, for eg får jo berre nei! Det er jo ikkje vits i å spørje når du veit svaret!
Men eg overdriver punktet her, for det var berre ein liten del av heile situasjonen med familien eg så langt har hatt lengst som vertsfamilie. Eg var like mykje skuld i det, dog nokre av skuldinga mot meg ikkje var min feil. Og nokre ting, liksom, berre skjedde. Ein liten hending førde til ei anna, og det blev ein slags domino-effekt. Eg gjorde ein del dumme ting, og eg hjelpte ikkje til heime. Pai mista fast arbeide, men insisterte på å ha meg, det førte til at dei andre måtte jobbe meir, og kunne ikkje lenger forklare meg ting, som igjen førte til fleire dumme ting frå mi sida. Også gjorde dei eindel skuffande ting sjølv. Ein morgon eg sku til ein naboby og delta i et prosjekt, hadde eg dagen før fådd eit inntrykk av at Pai sku stå opp tidleg og hjelpe meg me taxi, gjennom samtale. Også står han opp akkurat så seint at rekkjer fram til busstasjonen til busstida. Og når eg sku løyse inn billetten, kunne eg ikkje gjere det, for eg hadde ikkje passe med meg. Knust, måtte eg berre dra til skulen.
Men eg har lært, og forhåpentleg får eg ein familie som har hatt utvekslingselevar før, og som kan engelsk flytande alle i hop, så eg kan avklåre mest muleg med ein gong.

Eg har opplevd tre egg med dobbel plomme (det måtte me, altså, kor ofte ser du tre egg me dobbel plomme? På same dag?) ein av dagane eg og Camila sku lage omelett. Hennes omelettar har ein anna konsistens en originalen, meir eggerøre-lik. Men det var sinnsykt godt, så slik ska eg laga omelett framover.

Eg har kjøpt billettane til og frå São Paulo, men eg har igjen å avtale med Josê om møte. Eg må nesten vette når vi reiser igjennom byen før eg kan avtale.

Eg har også lærd litt om sjukdomsbehandling. Det virke til tidar som om det ikkje finnes nestekjærleik her (det e jo så klart feil, den er meir i djupet, den må graves fram, men den er der). Eg vakna ei natt med diaré og kraftige magekrampar (e det kanskje magesår?) og eg pinte meg gjennom ein heil dag med disse smertane. Det familien gjorde var å gje meg te, medisin, og det va det. Dei sa til og med at visst eg ikkje tok medisinen, kom eg aldri til å blive betre. Tøv, tenkte eg, eg veit betre. Medisin er ikkje løysninga på alt. Eg meine eg har ein sunn skepsis til medisin. Uansett, eg blei betre, men av og til får eg ein veldig svak versjon av magekrampane etter å ha spist, men det e lukkeligvis ikkje alltid.

Det hender eg sender ein tanke til dei stakkars kalde, frosne fiskepinnane eg har i Noreg…

Eg opplever korleis det er å ha ei litlesyster. Mamma, takk for at du berre skapte brør. Dei er mykje enklare å hanskes med. Det sver eg på. Tante Anne Guri, eg har kanskje ein ide om korleis Kari var da dokker var små. Eller kanskje ikkje, eg har høyrd at den einaste krangelen dokker hadde var over ein tapt tannbørste på interrail… Som jo i grunn er bra, sida det var ein slik liten filleting?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar