17. nov. 2009

I helga va eg i Curitiba...

I helga var eg i nabofylkets største by Curitiba, og hadde eit møte med regionens kontakt (eg veit ikkje kva man skal kalle ein høgare rangert lokalkontakt), dette fordi eg kontakta lokalkontakten min meir en tre gonger dei siste tre månedane.
Der blei eg henta av ei lita, middelaldrane og smilande japansk ætta kvinne, og kjørt til heimen hennar. Der blei eg innlosjert på eit rom, og eg fekk dusje. Etterpå teikna eg litt, og gjekk og la meg.

Dagen der på vakna eg klokka 6, og hjelpte henne å laga til frukost. Eg lærte mykje den dagen. Eg lærte f. eks. kvifor Mãe ikkje vil at eg ska ete på rommet, men situasjonen eg fekk infoen i, var at ho eg prata me ikkje ville at eg sku ete på rommet fordi det va varmare der, og smulane ville tiltrekkje maur og kakerlakkar. Eg lærte korleis ei katolsk messe i Brasil er, og det levde opp til forventningane mine. Interessant, fordi eg greier ikkje heilt å setje ord på den opplevinga. Uansett, det va 6-8 timar imellom frukost og messe, så eg fekk gå til eit slags sosial-hus-rom, og eit ark med spørsmål, om kvifor eg blei utvekslings elev, kvifor Brasil, kva har eg lært i Brasil, kva assosierar eg med å vere utvekslingselev, kva er forholdet mitt til familien, til lokalkontakten min, og kor mange venna eg hadde. Eg svarte mesteparten på portugisisk utan større problema, men eg brukte god tid på kvert spørsmål, for å filtrere ut det unødvendige frå det viktige. Etter lunsj fekk dei besøk av svigerdotter og barnebarn. Dei syntes eg snakka portugisisk svært godt sett at eg berre har vorre her i litt over tre månader. Eg lærde dei litt om Noreg, og kvifor Noreg er mindre kaldt enn Sverige og Finland.

I går prata vi om disse spørsmåla, og det var for så vidt greitt, men då ho drog fram to identiske ark med krav, blei eg redd. Redd for løfta eg måtte gi, fordi eg veit eg er veldig gløymsk. Ho la forresten merkje til at eg bit neglar. Det er teikn på nervøsitet, og ho foreslo at eg begynte å bruke blomster essensar. Ho har kanskje rett i det, fordi eg går rundt ubevist med angst for løftar eg kanskje ikkje kan halde. Så eg sat då der i ti minutt, og fekk ikkje til å skrive under. Eg va så redd! Men det e greitt no, eg likar det ikkje, men eg får berre stå han av.

Krava var ikkje mange, men til dels utfordrande. Eg ska ikkje blande fleire inn i rote eg laga, så disse krava lar eg være å skrive i bloggen. Snakkande om bloggen, eg ska slute å oppdatere den så ofte, frå no av oppdaterar eg den ein gong i veka, fordi eg ska skrive dagbok utanfor internett, og fylle dykk inn på dei kulturelle forskjellane i bloggen. Halde unna alt om meg og familien (sett at det er mindre problema, elles skriv eg om dei vis eg treng det for å vise eit poeng om kulturen), og skrive ut frustrasjonen i dagboka i staden. Då slepp dykk å bekymre dykk, og eg slepp unna med å skrive på norsk dagleg (eg meine, kven skriv ikkje dagboka si på eit språk andre ikkje kjenner når du veit at nokon luskar rundt på rommet ditt bak ryggen din?)

Eg kom på ein ting eg trur eg ikkje har nemnt, og det er at her likar folk vinen sin avkjølt, (spør ikkje meg kvifor), og eg veit fordi Pai drikkar vinen sin med isbitar i (det gjer forresten Mãe også). Ein annan ting eg kom på no er at her har mange kjæledyr (også familien min), men folket har tendens til å velje hundar som ikkje trengar mykje mosjon, eller kattar. Fordi her gjerdar dei inn tomtane sine, og dyra med. Så… når dyra ikkje har vanen å drite når dei luftas, så drit dei når det passar dei i hagen. Gjett kven som må plukka driten (i både bokstaveleg og hypotetisk forstand)… Japp, du gjetta riktig. Men det må gjeres, og kan ikkje klage på det meir… (ein eller anna stad i tidligare nemnte krav), og vis eg ikkje hjelpar til heime, kjem dei ikkje til å like meg. Så eg plukkar driten så dei slepp det (eg gjer eigentleg kva som helst for mat).

Eg har også byrja med regnskap for bankkontoen min. I skrivande stund har eg 115,73 $R (ca.347,19 NOK), og det skal vare i tre veker… Ja ja, eg greier det sekkert.

Pabbi, ég er að hugsa í að hætta að tala við þig á norsku... er ekki það mjög gód hugmynd? Þá læri ég málið betra enn ef ég ekki nota það, satt?

1 kommentar:

  1. Bra innlegg, Bjørn.
    Jeg syns det virker som du har gått igjennom litt av en utfordring og kommet ut med veldig mye positivt. Fortsett med interessante ting i bloggen!

    SvarSlett