Eg ska skrive om to ting; først, på forespørsel fra mamma, skriv eg om skolesystemet (ho kunne ikkje huske å ha lest nokka om det, og det kan dessverre stemme), etterpå skriv eg om ka som skjedde på tirsdag.
Så, skoletrinnan e barnehage, 1.-4. klasse (ensino infantil), 5.-8. klasse (ensino fundamental), VG1-VG3 (ensino medio) og universitet. Du bynne i 1. klasse Ca 7-8 år gammel. Skolen vare vanlivis frå ca. 7:30- 11:50.
Forskjellig frå Noreg, så har ikkje Brasil linjene musikk-dans-drama, idrettsfag, helse- og sosialfag, Naturbruk, Restaurant- og matfag eller service og samferdsel. Øvrige e på en måte der, vagt, men sterkt nok te at det kan godkjennes i Norge.
Du kan velje mellom Collegio, eller escola tecnica. Collegio tilsvare Studiespesialisering, mens escola tecnica tilsvare dela av yrkesfag. Du lære å bruke verktøyan på e.tecnica, og det e det. Dog, noen skole kombinere skolan, så du har dobbelt så lang dag som elles, me Collegio på morran, og e.tecnica på ettermiddagen. Du kan ikkje gå på universitet utan å ha bestått en prøve, som du kun kan ta på Collegio. Så det mange gjør e å gå ferdi Collegio, bestå prøven, gå E.tecnica et par år, for så å ta åran på universitet. Har du bare bestått den prøven en gang, kan du starte når du vil med studian.
Så over te det som skjedde på tirsdag. Språkklassan va avlyst, så eg dro te sentrum og satte meg ned me ei engelsk bok på kjøpesenteret. Etter ei stud kom et par jente over te bordet mitt, og bynne å snakke te meg. Dem spør om boka, om meg, ka eg like, og eg satt der og svarte som best eg kunne på gebrokkent portugisisk, halvt i sjokk, ikkje fordi dem bynnte å prate me meg, men fordi det gikk greit å kommunisere, te tross for vanskeliheitan og dem fniste ikkje og gjekk fort bort…
Det endte me at dem dro, også kom dem tebake igjen og ga meg en lapp me e-mail adressan demmes. (Alle som har gjedd kompliment te meg tidliar, Eg e fortsatt lite fotogen, men eg sei takk no!)
…Så kjem eg på at dem kanskje håpa på nokka? Shit. Crap. Fetaost. Dem må ha lagt merke te at blikke mitt ikkje sveipa nedom brystan demmes en eneste gang? Eg gliste, kan det ha betydd nokka? Kanskje dem hadde en sånn radar ting eg har igjen å utvikle? Uansett, det kom ei fjerde venninne av den tidligiere nemnte gruppa og sku prate ho også, men ho va kjapp å sei hade da vi begge snudde oss etter samme gutten… smart jente…
Eg slenge forresten på at eg har lært en del om samfunne i helga, og at eg har et godt argument te kontakten min her, fordi ho spør om og om igjen om koffer eg like guarana brusen Kuat bedre enn Antarctica, som de fleste visstnok like. Eg ber henne nevne to varianta av nokka, og sei kass ho like best. Så spør eg om ho like det best fordi ho gjør det, eller fordi de andre sei at ho ska gjøre det, for det e det siste ho antyde eg ska gjøre når ho spør igjen og igjen. Dessutan, vesst ALLE like Antarctica, koffer ser eg en masse alternativa?
Ho spør også koffer eg ikkje vil klippe håret. Eg ser jo at mange gutta har kort hår, men det e minst like mange som har langt, så eg ser ikkje koffer ho sei at alle gutta har kort hår. Eg sku nesten tru kontakten min ikkje kjente samfunne sitt!
Det e masse anna eg kan bitche om, men det e så smått at det orke eg ikkje. Eg ska ikkje sutre. Men eg lure på om ikkje kontakten min e overnervøs, fordi i en tidliar samtale me henne fekk eg nesten forbod mot gaysir.no, men ho sa det ikkje, ho skremte meg berre me masse ord om at eg kunne havne i fengsel. Ho lot meg ikkje fortelje om ka nettsida var engang! Sku tru eg va aleine om å måtte lære! Eg føle det nesten påtvungent no, og ikkje frivilli som det ska være.
Eg har lært (men ikkje av kontakten) at nettsamfunn, uansett slag, e ikkje ulovli her, som ho antyda da. Men så klart, ho e nær 60 år gammel, så angsten hennes forundre meg ikkje. Eg sku berre ønske ho kunne kul’an, og ikkje blanda seg så ofte inn i utvekslinga mi.
En anna ting eg slenge på e at eg ser stadi vekk en ny type spett, spurv, en blomst som ikkje kunne levd i Noreg, eller… en løshund, men det siste sku egentli ikkje forundre meg. Det eg synes i fantastisk i øyeblikke e at tempen hver dag går litt over 30, og om nettene e den aldri lavar enn 20. Samt, det kan nok forandre seg etter ei stund…
Hei. Neida, du sutrer ikke. Når du skriver om noe som er nytt for oss andre om samfunn, natur og kanskje politikk, er det likevel enda mer interessant enn det som blir dine dagboknotater. Begge deler er ok, hvis det ikke blir for privat mener jeg.
SvarSlett