30. des. 2009

Okei, eg juksar litt idag. Forrige er ikkje det siste innlegget. Eg måtte berre skrive litt til.

Så, eg skal skrive om omsorg. Fordi eg er for augebliket sjuk, med vondt i magen (igjen), lett kvalme og svettetoktar eg ikkje har vorre borti før. Eg prøvde å kjøpe cola, fordi det normalt virkar visst eg nippar brusen, men det hjelpte ikkje mykje. Og eg kom til å tenkje på kvifor det ikkje virkar som det skal, og kom fram til at det var ingen der som trøsta meg eller strøk meg over kinna, og sa "bli i senga du og sov meir"

Og eg innsjår no at eg har tatt omsorg for gitt. Og det var rart å føle at eg ikkje egentleg trengte det, (fordi magesmertane var ikkje veldig store, men diare) men eg ville satt særs stor pris på det. Eg angrar på at eg ikkje dopa mamma, pakka henne i ein koffert og tok ho med. De gongane ingen var glad i meg, eller eg virkeleg trengte det, kunne eg berre ta ho fram, og få trøst og omsorg. (Eg ska tilbe den som oppfinner krymper... vent, det e jo berre å kaste mamma i vaskemaskinen og kjøre på 90 grader...)

Eg fekk faktisk panikk eit og eit halvt sekund, fordi korleis skal eg klara meg utan mammas omsorg? For ein frykteleg tanke! Flytte ifrå varmen og kjærleiken heime? huff, mamma, eg ska visst aldri flytte ut likevel. Dog, klart eg betalar husleige...

Men eg skal nok klara meg.

huff... spysjuka...

Okei, eg juksar litt idag. Forrige er ikkje det siste innlegget. Eg måtte berre skrive litt til.

Så, eg skal skrive om omsorg. Fordi eg er for augebliket sjuk, med vondt i magen (igjen), lett kvalme og svettetoktar eg ikkje har vorre borti før. Eg prøvde å kjøpe cola, fordi det normalt virkar visst eg nippar brusen, men det hjelpte ikkje mykje. Og eg kom til å tenkje på kvifor det ikkje virkar som det skal, og kom fram til at det var ingen der som trøsta meg eller strøk meg over kinna, og sa "bli i senga du og sov meir"

Og eg innsjår no at eg har tatt omsorg for gitt. Og det var rart å føle at eg ikkje egentleg trengte det, (fordi magesmertane var ikkje veldig store, men diare) men eg ville satt særs stor pris på det. Eg angrar på at eg ikkje dopa mamma, pakka henne i ein koffert og tok ho med. De gongane ingen var glad i meg, eller eg virkeleg trengte det, kunne eg berre ta ho fram, og få trøst og omsorg. (Eg ska tilbe den som oppfinner krymper... vent, det e jo berre å kaste mamma i vaskemaskinen og kjøre på 90 grader...)

Eg fekk faktisk panikk eit og eit halvt sekund, fordi korleis skal eg klara meg utan mammas omsorg? For ein frykteleg tanke! Flytte ifrå varmen og kjærleiken heime? huff, mamma, eg ska visst aldri flytte ut likevel. Dog, klart eg betalar husleige...

Men eg skal nok klara meg.

Glaum alt eg har skreve tidligare i innlegget. Eg har spysjuka, og eg fekk omsorg likevel. Eg likar den nye vertsfamilien min særs godt. Eg prøvde denne gongen medisin (forrige gong var det berre pillar, og den fyrste virka ikkje) som sku roe magen, nokka i retning det eg måtte drikke den ferien i Danmark med halsbrann, men denne hadde ein slags søt ettersmak, og eg sa at eg ville ha mamma (det utruli kor langt noen går for oppmerksamheit, altså! Skamme seg! ...okei, eg kjefte ikkje på meg sjølv for å ha spilt litt, men det virka no) Uansett, eg klarte ikkje å holde den nede, så når eg måtte på do, kom alt opp. Seinare prøvde eg ein anti-spy greie, men også den kom opp. Til slut sa eg til vertsmamma at kroppen kanskje ikkje vil ha medisin, berre kvile. Og no skriv eg igjen, og følar meg betre. Eg har berre drukke vatn og ein jus som eg klarte og halde nede (eg lurar på om det er ein frukt dei har lært her at halder seg nede ved spysjuka?)

Eg trur dette er fyrste gongen eg er sjuk på nyttårsaften, men det er i kvart fall ikkje så veldig ille. Eg har ei særs livleg mamma her, to kule systre, og ein pappa (trur eg) eg må bli betre kjend med. Eg trives for augeblikket. Så var det å bli frisk før den 5.januar, da... Ynsk meg lukke til!

Godt Nytt År!

29. des. 2009

Godt Nytt År!!!

Søndag 20.12 så eg filmen Avatar. Eg likte den veldi godt hovudsakeleg av to grunna, og ein rekke mindre eg ikkje kjem på i farta. Det første e at den var i sjangeren fantasy/sci-fi, eller kanskje ein miks av båe? Og det andre var at den handla om eit tema eg synes er interessant; kampen innfødde har mot moderniseringa, og raseringa av naturen. Det handlar om denne skadde krigaren som får ein ”avatar”. Han drar ut på eit oppdrag, og blir værande med ein stamme avatarar, og har eit dobbeltoppdrag, som blir problematisk, fordi han tilslut dragast mot tre kantar. Det her er veldi laust beskrive, men den er verdt å sjå! Stol på meg, noen av scenane er ubeskriveleg rike og avanserte.

Her (i Joinville i kvart fall) så e songen ”Stereo Love” me Edward Maya & Vika Jigulina veldi, veldi, populær. Og det har den vorre i gode 5 månadar. Da eg høyrde songen fyrst, høyrde eg berre den electronica delen som går igjen, dundrande frå ein bil. Sidan byen har tysk opphav, og det var rundt Oktoberfest, tenkte eg ”Herre Jessu Fader, Dei har jo tadd Tyskland i heile sin populærmusikalske prakt hit!” Det tenkte eg lenge, til eg en dag hørte byrjinga, og tenkte ”denne likte eg.” Også kjem refrenget, og eg høyrer at det er faktisk ikkje Tyskland her. Og no som eg veit korleis den faktisk går, så har eg faktisk ingenting imot den meir. Eg legg til ein video eller to av sången så dokker kan synse om den. Kanskje den går på p3 Urørt no?

AFS Noreg har ein blogg konkurranse gåande blant utvekslingselevane, og eg fekk med meg ein av bloggane, ei jente som er i Tyskland, og dei grunna med at det var ei skildring av ein vellykka tilpassing, masse bildar, og gode innlegg. Og det fekk meg til å tenkje på kvifor den lyse sida ofte vinn over den mørke. Altså ,eg skjønner at det høyres betre ut å grunne ein seier på grunn av den positive tonen, men alt har ein bakside, også utveksling. Klart, når du må gjentekne gongar bytte familie, og du skriv om det i bloggen, mens du filosoferar på kvifor det gikk som det gikk, kven var skuld, kvifor fungerte det ikkje, så må det nesten fremjast litt, så andre kan læra og sjå korleis ein kulturkrasj kan være. Eg leste gjennom bloggen min i kronologisk rekkefølgje, og eg ser ingen grunn til at min blogg ikkje sku kåres. Tonen i bloggen e generelt nøytral, og eg forklarar konfliktane etterkvart som dei løysast eller oppdagast. Bloggen min kan være eit godt eksempel på korleis ting kan gå visst du er mindre heldi, og kva som faktisk skjer når du kjem i en slik situasjon.

Eg ska ta det som er relevant for den som skal være utvekslingsstudent, først noko som er utruleg viktig, og kan ikkje gjentas for ofte, også tar eg det som skjer visst du hamnar litt på skråplanet som meg:

1. punkt er allereie i søknads prosessen. Få med absolutt alt om deg, det være tro, legning, hudfarge, sykdommer, evt. (faktisk) rulleblad, ikkje at eg har et. Skriv om favoritt mat, drikka, farge, alt. ALT.
2. punkt e, sku noko gå galt dei første dagane med familien, det e ikkje farleg, det som skjer, er at lokallaget er kjapt ute, tar deg ut av familien, og lar deg bo hos ein av dei, til dei har funne ein ny. Ofte er dei veldig profesjonelle, og hald deg me selskap til du har familie. Det er normalt å måtte bytte i løpet av utvekslinga.
3.punkt er at sku det oppstå problema med den nye familien, vil lokalkontakten samtale med deg, familien, og du må kanskje underskrive ein kontrakt med punkt du må følgje for å betre situasjonen.
4.punktet er at du må være ekstremt forsiktig, og visst du har kontakt med lokalkontakten meir enn ein gong i månaden, vil du ganske sikkert bli sendt til over-lokalkontakten. Fordi, mykje kontakt med lokalkontakten er eit teikn på at du ikkje klarar å integrera i kulturen. Som eg har skreve tidligare i bloggen, der vil det settes spørsmålsteikn me utvekslinga di, og du må svare grundig for deg, kvifor du blei utvekslar, kvifor du valde nettopp lande du er i , kvifor ditt og kvifor datt, korleis forholda med div. personar er, og nokre spørsmål som visar kor integrert du faktisk er. Tilslut må du signere ein ny kontrakt.
Og, 5. punktet er at visst situasjonen blei alvorleg nok, vil lokallaget ha eit råd om din situasjon, uansett kor bra du trur det er etter møte med over-lokalkontakten, og bestemme om du burde bytte familie igjen. Ofte vil du sikkert være letta, og einig i bestemminga, fordi du sjølv så korleis det forholdet utvikla seg etter dette møte.

Denne vekka var det som alle veit jul, og dermed fekk eg sjansen til å møte presidentens familie. Vi åt pizza, og etterpå la eg merkje til ein ting til som eg kan leggje til det eg skreiv om først i førre blogginnlegg. For eg opplevde at mannen til presidenten vil at eg skal hjelpe meir til heime, og i den samanheng har eg prøvd å ta oppvasken etter måltida, men eg får aldri gjere ferdig. Og ofte når eg spør om å få hjelpe, seier presidenten enten nei takk, eller at ho skal rope på meg når ho treng hjelp. Og ho rope aldri, og eg får et dilemma. Men så, på tysdag, så åt vi altså pizza, og etterpå opplevde eg at svigesyster får ta heile oppvasken, og eg tenke; jaha. Dei vil at eg ska hjelpe, sei dei ikkje treng hjelpa, og lar gjestane ta oppvasken. Merkeleg. Ikkje at det nødvendigvis er korrekt observert, men eg tenkte det. Men dei var alle i hop hyggelege. Familien til presidenten, altså. Høflige og skikkelege folk.

Eg forstår ikkje far i huset. Klart eg forstår språket, men eg forstår ikkje han. Han skremmer meg og gjer meg nervøs. Fordi han er sint heile tida, han vil eg ska hjelpe meir til, og han seier uforståelege ting.
Og han kan skifte humør fortare enn ei veltrena hora kler av BH-en.

Og eg kjente eit stikk av heimlengsel da eg skjønte at det ei i grove trekk to gåver til meg på julaftan, den eg fekk av første vertsfamilien, og den eg kjøpte te meg sjølv. Og, eg gløymde den eg fekk av ei venninne (Homer som frir te Marge). Og nokre sjølvlaga julekort. Sikkert patetisk, og presidenten blir sikkert å synes veldi synd i meg. Trøsta mi er at eg etter nyttår skal på en drømmetur, og når eg kjem tilbake te Noreg, får eg masse gåver, antakeleg vis dyre kombinert jule- og bursdagsgåver, og eg får møtt sterkt sakna vennar og folk.

Eg kjenne at fordi eg e utan vertsfamilie, så sug jula litt. Fordi julegåvene heiman ifrå ikkje kunne sendast fordi eg skjønte at eg kanskje måtte skifte familie, og fordi på julaftan var det som sagt få gåver som var adressert til meg. Eg fekk ein sånn nakkedings som mann sett rundt nakken når man tar ein lur i bilen så nakken ikkje blir stiv, og eit flaggskjerf i grønt, gult, blått og kvitt. Og sistnemnte kjøpte eg til meg fordi eg skjønte at det ville auke kvoten min litt. Forresten, har nokon planar om å sende bursdagsgåve te meg, vent heller til eg kjem heim. Då får eg mindre å pakke, og heile heimturen treng kanskje ikkje så mange pappeska sendt i forvegen.

29.12.09
Ja, da e året nesten slutt, og det her bi årets siste innlegg.
Eg har ikkje oppdatert bloggen, fordi den 25.12 dro vi overraskande til strand - huset til Presidenten, og blei der til i dag. Eg har bada nesten kvar dag, blive litt solbrent på skuldra (ingenting Aloe Vera ikkje kan fikse), og på besøk kom den tyske vertsdattera deies for noen år tilbake på besøk med kjærasten Moritz. Einaste grunnen til at eg huskar namne var at det fekk meg til å tenkje på ein pakke ritz-kjeks på bærtur…. Uansett, No sett eg hos den nye vertsfamilien, utan pakken mamma sendte(håpar presidenten tar den med til meg før eg fer til São Paulo) men ganske fornøgd. Vertsfamilien virke veldi grei, og dotrene har begge vorre utvekslingselevar. Endelig kan eg bruke eigen data til internettbruk. Då slepp eg å gå lange omvegar for å lese e-post, og eg kan forhåpentlegvis besøke litt fleire nettstedar enn eg har hatt lov til så langt (må så klart spørje fyrst kva sider eg kan besøke) Ei av dotrene i den nye vertsfamilien har vorre eit år i Japan, og forstår då sikkert min fascinasjon for japansk teiknekunst (det som heiter manga og animè)

Eg sku kanskje ha reisefeber akkurat no, sidan det er ei veke til eg drar. Men reising er liksom ”second-nature” for meg.
Så, Da ønske eg alle som les dettanes et godt Nytt år! Sees på andre sida!

PS. Eg skal ta så mange bildar som eg orkar og klarar.



19. des. 2009

Denne veka skal laere litt om...

dobbeltmoral i kulturen.
Fordi det er noko som er ein stor del i den brasilianske (!@#/%¤#?¨^* kvifor høyres båe brasilsk og brasiliansk like riktig ut?) kulturen. Folk snakkar rett som det er med kløyvd tunge, og det er frustrerande. Det har vore til stades i heile mitt opphald, men det er fyrst no eg tenkjer skikkeleg igjennom det. Det har skrike, klort, bitt, alt for å få oppmerksam. Trur den også ga meg ein trøkk 16, for eg vakna en morgon med uforklarleg vondt i auget. (E trøkk ein slags målestokk i boksing? Eller kanskje eit nød rop. Eit teikn på nestekjærleik. En boksar fallar med hjertestans, og motsatt trenar ropar ”Trøkk 16!”, så ropar kanskje den andre trenaren ”nei, trykk tjue!” Og te slutt bryt dommaren inn, og seier ”Har dokker rota nød nummera heilt til?! Ring seven eleven!”)
En gang i førre veke kom eg til å tenkje på noko ein i lokallaget sa om kulturen. No ska eg ta fridomen til å herse litt med kulturen det forventes eg skal adoptere som eit barn frå… Guatemala? Vent, det bliv jo ikkje riktig, eg er jo i Brasil! Men det fyrste høyres faktisk meir riktig ut og logisk… Dog, det finnes jo masse heimlause og fattige barn her også… Når eg tenkje på det, så er jo PLAN-fadder ordninga litt diskriminerande! Det er jo aldri reklame på TV om å bli fadder for ein unge i Brasil! Det e alltid Guatemala, eller Haiti, eller Uganda, Rwanda eller Pakistan. Men Brasil? Nei då. Dette må vi få gjort noke me. Noen, ring seven eleven!

Det fyrste eg såg til dobbeltmoral va rdet me åpenheit. ”Det litle slipp førde til eit klipp i situasjonen, og ein periode var det godt. Men igjen ble eg forrådt”(16NORRB, kap 91,17-18) Det var ein komplikasjon heilt i byrjinga av utvekslinga, som sette 1. Vertsmamma i eit dillemma som var om ho sku godta legninga mi og bekymre seg sjuk, eller om ho sku sende fantastiske meg bort og sleppe bekymringa (Ho sa faktisk at ho syntes eg var ein fantastisk person)
Det andre var at eg måtte bytte familie. Igjen. Og det skjedde gjennom at eg ville hjelpe, men var enten for seint ute, eller dei ville ikkje ha hjelp. Dei sa ”nei takk” og eg e opplærd til å godta nei takk, men forsikre meg om at personen ikkje vil. Og trur du ikkje dei bliv sure over at eg ikkje gjer noko? Joda, det bliv dei. Eg spør tre-fire gongar om å hjelpe (så klart fordelt ut over dagar) og tilslut gjer eg faktisk opp, for eg får jo berre nei! Det er jo ikkje vits i å spørje når du veit svaret!
Men eg overdriver punktet her, for det var berre ein liten del av heile situasjonen med familien eg så langt har hatt lengst som vertsfamilie. Eg var like mykje skuld i det, dog nokre av skuldinga mot meg ikkje var min feil. Og nokre ting, liksom, berre skjedde. Ein liten hending førde til ei anna, og det blev ein slags domino-effekt. Eg gjorde ein del dumme ting, og eg hjelpte ikkje til heime. Pai mista fast arbeide, men insisterte på å ha meg, det førte til at dei andre måtte jobbe meir, og kunne ikkje lenger forklare meg ting, som igjen førte til fleire dumme ting frå mi sida. Også gjorde dei eindel skuffande ting sjølv. Ein morgon eg sku til ein naboby og delta i et prosjekt, hadde eg dagen før fådd eit inntrykk av at Pai sku stå opp tidleg og hjelpe meg me taxi, gjennom samtale. Også står han opp akkurat så seint at rekkjer fram til busstasjonen til busstida. Og når eg sku løyse inn billetten, kunne eg ikkje gjere det, for eg hadde ikkje passe med meg. Knust, måtte eg berre dra til skulen.
Men eg har lært, og forhåpentleg får eg ein familie som har hatt utvekslingselevar før, og som kan engelsk flytande alle i hop, så eg kan avklåre mest muleg med ein gong.

Eg har opplevd tre egg med dobbel plomme (det måtte me, altså, kor ofte ser du tre egg me dobbel plomme? På same dag?) ein av dagane eg og Camila sku lage omelett. Hennes omelettar har ein anna konsistens en originalen, meir eggerøre-lik. Men det var sinnsykt godt, så slik ska eg laga omelett framover.

Eg har kjøpt billettane til og frå São Paulo, men eg har igjen å avtale med Josê om møte. Eg må nesten vette når vi reiser igjennom byen før eg kan avtale.

Eg har også lærd litt om sjukdomsbehandling. Det virke til tidar som om det ikkje finnes nestekjærleik her (det e jo så klart feil, den er meir i djupet, den må graves fram, men den er der). Eg vakna ei natt med diaré og kraftige magekrampar (e det kanskje magesår?) og eg pinte meg gjennom ein heil dag med disse smertane. Det familien gjorde var å gje meg te, medisin, og det va det. Dei sa til og med at visst eg ikkje tok medisinen, kom eg aldri til å blive betre. Tøv, tenkte eg, eg veit betre. Medisin er ikkje løysninga på alt. Eg meine eg har ein sunn skepsis til medisin. Uansett, eg blei betre, men av og til får eg ein veldig svak versjon av magekrampane etter å ha spist, men det e lukkeligvis ikkje alltid.

Det hender eg sender ein tanke til dei stakkars kalde, frosne fiskepinnane eg har i Noreg…

Eg opplever korleis det er å ha ei litlesyster. Mamma, takk for at du berre skapte brør. Dei er mykje enklare å hanskes med. Det sver eg på. Tante Anne Guri, eg har kanskje ein ide om korleis Kari var da dokker var små. Eller kanskje ikkje, eg har høyrd at den einaste krangelen dokker hadde var over ein tapt tannbørste på interrail… Som jo i grunn er bra, sida det var ein slik liten filleting?

13. des. 2009

opptatt uke

Når eg skriv innlegg te bloggen ukesvis, så velge eg å skrive det først på dataen min, lagre på minnepenn, og legge ut på blogspot. Slik bruke eg en anelse mindre tid på nett, og eg kan jobbe me innlegget heile vekka.

…og denne vekka e et unntak, i den sammenheng at det har skjedd alt og ingenting. Eg har vorre busybusy, men eg huske ikkje en damn shit. Så eg prøve likevel. I skrivanes stund e det forresten 13.12.09 kl 09 på morran. Eg har tusen ting eg må ordne seinar i dag, deriblandt legge dette ut.

Vi bynne me fredag, når eg sku over te eks-presidenten. Alle i lokallaget, heimkomne, noværanes utvekslere og kommanes, samla seg te grillparty. Vi spiste churrasco (uttales sjohasko, eller sjorrasko, kjem an på preferanse), som da e ganske enkelt grilla kjøtt, utan nokka særli te krydring. Og vi drakk (av gutta va nok ege eneste som berre drakk brus, resten drakk øl) og spiste søtsaker og koste oss. Eg traff på ei som utveksla te Japan (det e sekkert slemt av meg, men det hende eg lure på om eg hadde klart meg betre i Japan en her, fordi eg e sær (det e visst veldi vanli å ha egen stil der), Eg like å teikne (og der teikne/male man det man skriv, såpass presisjon trengs det), og det e ingen tro der (egentli) som har noen velvalgte ord om homofile/homofili) Dessutan interessere språket meg, og eg like japanske teikneseriar/teiknefilmar.)Men altså, eg spore av!
Så eg prata altså me ho som utveksla dit, og ho og brorn planla en meir ungdommeli event, nemli bar. Eg huske vagt ( les heilt) at eg tenkte at ei natt i bråkanes omgivelsa kan ikkje skade, dessutan har eg ikkje mange sjansan te å være me de andre utveksleran. Så eg sa ja. Og vi dro på ølbar. Alle unntatt eg drakk øl i rike mengda, og eg fant ut at å sitte i et røykfylt rom og se de andre drikke ikkje nødvendivis e så ille som man sku tenke seg. Og alt det sinnsyke folk kan finne på i fylla! (Merk, det her e heller europeisk oppførsel, å drekke førr å bli full e ikkje så populært her, det forventes at du veit kor grensa di går) Eg hadde det arti. Standhafti lot eg være å drekke øl. (Gunnar og Erik Johan kan meine det dem vil, eg har hittil berre drukke brus og ikkje alkohol holdie greier, Og når eg sei at eg e avholds, eg spesifisere at eg ikkje regne 0.02 eller der omkring som egentli alkoholholdi, fordi du daue av all væsken før du får noen virkeli virkning av alkoholen uansett. Faktisk, det e så godt som ingen virkning av alkoholen vesst du drekk det sakte nok.

Så eg kom heim te eks-pres. Og legg meg. Dagen etter shoppe eg litt julegava te venna for de pengan eg har tilgjengeli. (Bør nevnes at eg ska kjøpe meir på måndag), dagen der igjen drar vi te ei strand eg ikkje har vorre på. Denne stranda va i alle fall halvveis te fylkessentrumet Floreanópolis, og stranda va skikkeli lang! Vi spiste fisk, og eg kjøpte meg et skjerf som så ut som det Brasilske flagget (e det brasilsk eller brasiliansk? eg synes begge dela høres rikti ut…), siden julegaver kan det bli litt lite av dette året… fysiske, altså. Dokker som overføre, kunne dokker vorre engla og sende mail eller en beskjed på msn om dato og sum? Eg føre regnskap, fordi eg kan ta ut penga, men ikkje se kor mykje eg har, eller kor mykje som e igjen.
Eg kom heim igjen te president (ikkje eksen) Og eg merka gavan. Det som har skjedd imellomtida e ikkje stort, men på torsdag gjekk eg runden for å dele ut gavan og i for i gårs va det juleverksted i president’s hus, og etter at juleverkstedet va over, kjørte vi te presidentens sommerhus ve sjøen (julegave uttdelinga gjekk forresten bra, eg har en igjen). Eg nevnte kor mykje eg hadde betalt så langt for turen, og ho va overraska. Så eg ska snart få hjelp me både bussbilletta og å kontakte reisebyrået og sjekke om det e meir som ska betales…

Mens vi va ved sjøen, gjekk eg og vassa i vannkantan, da eg fant et rosa skjell, som eg tok me heim, og etterpå så at bølgan gjekk både opp på stranda og langs den. Akkurat det siste fekk meg te å tenke litt, fordi eg har lest litt om treighetsloven og vann, men her krasja jo nokka, for etter det eg har lært, så føre treighetsloven te at bølgan treff stranda oppover, og ikkje sidelengs… e det engang muli? At bølgan går langs stranda?

En ting som sjokksatte meg i dag, va at far i huset kjøpte fisk i går, og i dag mens eg gjorde leksa, bynte han å behandle fisken. Og han kan IKKJE behandle den, men eg tør ikkje sei nokka, fordi han har en sint karakter, han e grei, men han blir sint for den minste ting!

Han prøvde å klippe av finna og svømmegreier, ødela en saks, og gjorde bortplukking av bein vanskeliar en nødvendi. Etterpå bynnte han å skrape skjellan av! Eg e sekker på at han definitivt aldri har laga te fisk før, så eg må snart ta meg av en skikkeli fiskelunsj, og vise korsn fisk ska lages te…

3. des. 2009

Førre helg gjekk bra

Førre helg synes eg gjekk særs bra, fordi eg hjelpte skikkeleg mykje til heime. Eg tok oppvasken veldig ofte, og eg hjelpte til med å handle. Eg organiserte ryddigheita mi på rommet, så no er det i orden (blir det siste å leggje smør på flesk?). Eg leste også til side… ja, eg leste forbi side hundre i kvart fall, i Sofies verden på portugisisk. Eg forstår mykje meir av handlinga no en da eg byrja, til dels fordi eg kan språket betre no, og til dels fordi eg har lest boka ein gong tidligare, men då på norsk. Det er interessant korleis namna er like det eg kjennar til, men likevel særs forskjellig.
Eg har byrja å få tilbake prøvar, og eg fekk 5 på portugisisk grammatikk! … Vel, det tilsvarar omtrent ein god 3ar, men likevel! 5 er særs bra, fordi fortsetter det slik, kjem eg til å ha 10 i portugisisk i sluten av skuleåret! Eg spurte ei i klassen kva som var gjennomsnittskarakter i klassen, og ho svara 8-10! 8-10 er sterk 5ar til seksar! Eg tenkte først, ho tullar berre, men så skjønte eg at ho meinte alvor. Eg ser no heilt klart at skule er noko ungdommen tar alvorleg i Brasil. Huskar eg ikkje heilt feil, er gjennomsnittet i norsk skule på 4-5… noko som er 6-8 her… Eg ska laga ein tabell med fag og karakter, norsk karakter i parentes.

Matte 1,5 (1)
Biologi 4 (2/3)
Geografi 4 (2/3)
Portugisisk 5 (3)
Litteratur 1 (1)
Engelsk 7 (4/5)
Historie 1 (1)
Kjemi 1 (1)

Blant mange mindre problema, så er det eit som er særs kritisk, øretelefonane til iPoden min er byrja å bli slitt nede me pluggen, så eg tør ikkje bruka dei. Eg rette på meg sjølv; plastikken er broten heile vegen rundt nede at med pluggen, så du ser metall ledingane. Eg ventar på ein sjans til å kjøpe nye, men til da, korleis ska man klare seg utan musikk?! Krise. Andre mindre problem er til dømes…. Korleis eg ska presentera Noreg på skulen.
Og… kanskje pengar, og pengar er viktige. Eg treng dei til å betale språkklassar for to månader, bussbillettar til og frå São Paulo, hotellopphald der, og div. julegåver. Prøvane gjekk… eg veit ikkje om eg ska sei, men eg overlevde.
Og denne helga skiftar eg vertsfamilie. Lokallaget kom fram til at forholdet mitt med søster ikkje kunne bergast, og at det derfor var best å skifte meg. Så i skrivande stund bor eg hos den no værande lokallagspresidenten, og i morgon eller på laurdag skal eg til ho som var president da eg kom til Brasil, og bo der over helga, så skal eg tilbake att, og bo hos presidenten enten til eg tar den reisa, eller til eg får midlertidig familie. Eg er einig i avgjøringa, og eg hadde tenkt å spørje om å få bytte familie uansett, fordi eg innsåg at eg hadde såra familien min særs mykje med oppføringa mi, så eg har lært av skade, og gjer ikkje feilane så lett i den nye familien. Forhåpentlegvis kan heile familien engelsk godt nok til at eg kan få alle spørsmål avklara, og korleis dei vil at eg skal oppføre meg.

Eg får kontakt med stadig fleire personar… Det er ganske morosamt at heile skulen OG universitetet veit at eg er utvekslingselev… Visst venninnene mine i klassen har rett, så er eg ferdig med skule for dette året den 3. Desember. Altså skule-skule, eg trur eg må møte opp kvar dag fram til 18.Desember. Kor herleg er ikkje det? Men det betyr også at eg må gjere meir heime. Og heime er det eigentleg ikkje noko å gjere, så på dagane med fint vær, skal eg utforska byen min meir. Eg tenkjer på å gå mot øst, og sjå om eg kjem til kyst. Om mogleg, strand, så eg får vassa litt barbeint. Det er noko terapeutisk i det for meg. Eg får følinga av å sleppe å tenkje på problema mine og berre være meg. Det er også ein ypparleg sjanse til å titte på gutar… Men hysj, ikkje sei det til nokon! Eg e tvungen litt tilbake i skapet her, men det er eigentleg så lite at eg ikkje bryr meg noko særleg.

Kolibri heite Beija-flor her. Flores er blomster og er hokjønn. Beijo betyr kyss, men her skifte verba slutt bokstav avhengig av substantivets kjønn, så til vanleg ville det vorre rikti å seie beijo (Lite kyss blir forresten beijinho), men fordi flor e hokjønn, så skifte beijo te beija. Hokjønn slutte me –a og hannkjønn me –o.
Men eg sporar av frå det eg sku fram te. Alle kan sei seg einige i at blomsterkyssar e eit godt beskrivande namn på kolibri? Bra.
Frå språkklassane mine har eg no tre tjukke bunkar med oppgåver som er retta og gjort ferdig. Det er ganske imponerande. For ei stund sidan kjøpte eg ein kortstokk. Så når det regn og lite å gjere, legg eg kabal. Den vanlege som alle kjennar frå PC, pyramide, og tellekabal. Eg har også byrja å lage eit norsk kurs for utvekslingselevar, kor dei lærar basis norsk. Eg skal laga eit Bokmålkurs og eit nynorskkurs, så kan gruppa velje kva dei vil lære. Eg forklarar dei at bokmål er det skriftspråket som er offisielt i Troms Fylke, men at nynorsk er nærare måten vi pratar på, men med litt andre og kanskje fleire reglar. Uansett, Dette er ei unik muligheit for meg sjølve til å systematisere språket mitt og finne ein måte eg kan læra det bort på. Eg trur mamma har egne klassar for framandspråklege, så kurset mitt er eit alternativ til å læra det fortare. Mamma, kan ikkje du forklare meg pr. e-post korleis du går fram? Så kan eg forklara deg korleis eg tenkjer meg at kurset skal gå.

Sånne istapp-julelys er visst veldig populære her. Eg veit at dei sels på Island, og Pappa har eit sett, eg trur dei fleste har enten sett huset eller sett bildar av det. Det er ganske flott, kva? Men her ser det eigentleg berre dumt ut… Eg meine, istappar i eit av verdas varmaste land? Kom igjen. Men det e litt morosamt å sjå for det om.
Eg laga ein fantastisk ordspel-vits (Gunnar kjem til å like den) Kvifor kan ikkje Mujamba gje Stig når Aligator? XP Dei har tillating til å sende ein rakett i min retning…

For tida hadde eg eit vakkert syn frå soveroms vindauget, fordi ein av ex-naboane hadde eit sånt asiatisk tre som er rosa av blomar, eit kirsebærtre, med eit regn av lette, lydlause og elegante kronblad under. Treet var på ein liten topp, så eg spurte av og til om eg kunne få sitje under treet av eigarane, og dei sa som oftast ”ja, det kan du”, sida plassen rundt treet var skjult av nokre buskar, og det var greitt og gå til plassen utan å gå forbi huset. Kan dykk tenkje dykk å sitje under eit sånt tre, lettkledde, i solnedgang med ein lett, lett vind på huda, som løyser kronblad så det er ein lett og jamn straum av rosa partiklar som dalar ned som små ballerinaer, eller som rosa regndråpar i saktefilm, med ein meir variert fallbane, utan nokre forstyrrande lydar anna en piano musikken frå ”Letters from Iwo Jima” på mp3-spellaren? Eg kan fortelje dykk at det er særs avslappande…